Om ein stemmer på Frp til hausten - stemmer ein då på Siv Jensen og regjeringa sin politikk, eller stemmer ein på Gustav Bahus og Terje Søviknes sin politikk?
Om ein stemmer på Frp til hausten - stemmer ein då på Siv Jensen og regjeringa sin politikk, eller stemmer ein på Gustav Bahus og Terje Søviknes sin politikk?

Lesarbrev: Frp og Høgre forvirrar veljarane i Os

Sanninga er at Frp og Høgre i Os ikkje har gjort nok og kan henda til og med ha trenert arbeidet med å få ein byvekstavtale.

I formannskapet i dag skal spørsmålet om utsetjing av ein byvekstavtale handsamast. Saka verkar tilsynelatende grei. Den politiske leiinga hevdar at vi i Os ikkje har prosjekt til å bruke pengane på, at kommunesamaslåinga vanskeleggjer prosessen og at staten har vist for liten vilje til å imøtekoma Os. Sanninga er at Frp og Høgre i Os ikkje har gjort nok og kan henda til og med trenert arbeidet med å få ein byvekstavtale.

For veljarane må dette framstå som forvirrande. Om ein stemmer på Frp til hausten - stemmer ein då på Siv Jensen og regjeringa sin politikk, eller stemmer ein på Gustav Bahus og Terje Søviknes sin politikk?

Om ein vil stemma på Høgre til haustens val - stemmer ein på Erna Solberg og statsministeren sin politikk, eller stemmer ein på Marie Bruarøy sin politikk?

Regjeringa med samferdselsminister Jon Georg Dale og kommunalminister Monica Meland i spissen er klinkande klare: «Regjeringen ønsker en miljøvennlig byutvikling og følger opp beslutningene i klimaforliket. Byvekstavtalene skal bidra til å nå målet om null vekst i persontrafikken i byene».

Frp og H i Os har signalisert heilt tydeleg at ein ikkje vil ha ein annan arealpolitikk enn dagens.

Frp og H lokalt vil ikkje ha ei heilskapeleg arealplanlegging. Her skal tilfeldigheitene få råda.

Os Frp og H ønskjer ikkje å vera del av det tunge løftet vi alle må ta for å få kontroll på klimautsleppa.

Frp og H held seg passive i arbeidet med å utvikla nærsenter og kommunesenter som vil kunna stimulera lokal næringsutvikling, fleire arbeidsplassar i Os og dermed mindre pendling.

Det er ingen menneskerett at absolutt alle skal få byggja der dei vil. At nokre få skal få byggja og gjera akkurat som dei vil, medan andre ikkje får lov, er urettferdig og eit angrep på dei liberale verdiane.

Politikarar som ikkje vågar å ta avgjerder som går i mot høgrøysta utbyggjarar er svake politikarar.

Politikarar som ikkje er villige til å gjera noko for å stansa klimautslepp er svake politikarar.

Politikarar som ikkje er villige til arbeida for sitt eige partis politikk, er svake og skaper forvirring.

Denne saka handlar ikkje om meir bompengar. Å redusera biltrafikken inn mot Bergen kan gjerast på ein mykje smartere og meir positiv måte utan at det gå skal gå utover lommebøkene til folk flest.

Sjølv er eg motstandar av den dramatiske auken i bompengar som har funne stad og som i hovudsak er driven fram av bompengepartiet Høgre, jmf Høgres ønske om å innføra førehandsinnkreving av bompengar for å finansiera bru over Bjørnafjorden.

Seinast i førre veke vedtok regeringa, vår regjering, nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging.

H og Frp nasjonalt vil:

Skapa eit berekraftig velferdssamfunn

Skapa eit økologisk, berekraftig samfunn gjennom blant anna ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvaltning

Skapa eit sosialt berekraftig samfunn

Skapa eit trygt samfunn for alle

H og Frp i Os er heilt ueinige. Her driv ein utsetjing og trenering av Klima & Miljøplanen (KLEM). Her kastar ein bort alt arbeid med sentrumsplan og heilskapeleg arealplanlegging, og fagfolk som følgjer politikken til Erna Solberg, forlet kommunen.

Og no ønskjer H og Frp å utsetja byvekstavtalen og viser til fornuften: Byvekstavlen er kompliserte greier. Os har ikkje prosjekt som er klare til å realiserast. Kommunesamanslåinga kompliserer.

Det ligg an til at Os kan få ut 26 millionar kvart år i 11 år i statlege tilskot. Det er mykje pengar. Pengar vi kan bruka til å få ned bruken av privatbil, ei av dei største kjeldene til utslepp av CO2 i Os.

Vi kan bruka 26 millionar til eit langt betre busstilbod i krinsane. I Sauda har ei buss-on-demand-teneste, «Hent meg», der ein kan bestilla buss på døra, vore ein stor suksess spesielt blant ungdomane. I Os er du heilt avhengig av foreldre som kan bringa og hente, om du skulle ha lyst til å gå på kino på Oseana ein søndag.

Eller vi kan bruka 26 millionar til eit busstilbod der ein minibuss sirklar heile dagen mellom krinsane og Osøyro.

Eit betre busstilbod i krinsane er noko som vert etterlyst av mange, spesielt born og unge.

Vi kan bruka 26 millionar til eit kollektiv-knutepunkt på Osøyro.

Vi kan bruka 26 millionar til å oppretta eit expressbusstilbod mellom Os og Sandsli/Krokstadområdet, der mykje av pendlinga i dag skjer.

Vi kan bruka 26 millioner til å tilretteleggja for ny næringsutvikling, slik at fleire kan arbeida nærare heimen istadenfor å pendla.

Vi kan bruka 26 millionar til nye, positive tiltak i Os som får fleire til å gå og sykla på jobb.

Nivåa på CO2 i atmosfæren har aldri vore så høge som no. Klimaendringane er reelle, dei skjer no og har ført til at unge menneske over heile verda streiker for at noko skal skje.

Vi har ikkje tid til å utsetja byvekstavtalen - eit av dei viktigaste verktøya vi har her i Os til å gjera vår del av jobben.

Dette skuldar vi våre born.

Glenn Erik Haugland

Venstre