Som vi veit frå Fusa, råkar dårlege kommunale vegar alle som nyttar dei kvar dag året rundt.
Som vi veit frå Fusa, råkar dårlege kommunale vegar alle som nyttar dei kvar dag året rundt.

Lesarbrev: Frp satsar på vedlikehald

Vedlikehald er ofte undervurdert i politikken. Det gir ingen nye prosjekt å opne, ingen snorer å klippe. Bjørnafjorden Frp har likevel sett opp vedlikehald som ei av seks hovudsaker i dette kommunevalet.

Godt vedlikehald av bygg, veg og anlegg er viktig både for brukarar, tilsette og kommuneøkonomien. Om ein sviktar på vedlikehaldet i barnehagar, skular, bufellesskap og sjukeheimar, forringar det tenestetilbodet. Og kostnadene vert mangedobla når ein må i gang med større rehabiliteringar eller nybygg. Og som vi veit frå Fusa, råkar dårlege kommunale vegar alle som nyttar dei kvar dag året rundt.

I Os har vi auka fokuset på vedlikehald dei siste valperiodane. Vi har mellom anna prioritert vedlikehaldsfond til bygg, reasfalteringsfond, vedlikehaldsteam med eigne fagfolk og eigenregigruppe på veg, vatn og avløp. Dette vil Frp no utvida til heile Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du veit frå privatøkonomien at dårleg vedlikehald av bil, båt, hus eller hytte forringar verdiane dine. Slik må vi også tenkja i kommunen. Vi må ha kapasitet både til planlagt vedlikehald og uføresette hendingar. Bli med oss i å slå eit slag for betre vedlikehald av kommunale bygg, vegar og anlegg i Bjørnafjorden - stem Frp lokalt!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Frp