Dei tilsette kunne ha sagt litt av kvart vedkomande denne situasjonen, men er lojale til arbeidsgjevaren sin. Kvar er politikarane sin lojalitet?
Dei tilsette kunne ha sagt litt av kvart vedkomande denne situasjonen, men er lojale til arbeidsgjevaren sin. Kvar er politikarane sin lojalitet?

Lesarbrev: Kjære politikarar, dette er berre trist

Kjære politikarar, ser de ikkje kva de er i ferd med å gjera? Ønskjer de verkeleg å øydeleggja Os sit gode omdømme, spør hovudstillitsvald Åse M. Gjerde.

Som tilsett i Os kommune frå 1984 og hovedtillitsvald frå 2001, har eg alltid vore stolt over arbeidsstaden min. Eg har sett fram til kvar arbeidsdag med glede. Difor er det utruleg trist å vera vitne til det som no skjer.

Eg hadde håpa i det lengste at «stormen» ville gje seg. Men, det ser ut som om alle parti bruker denne situasjonen til gagn for seg sjølv. Og det ser ut til å gjelda alle, posisjon og opposisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjære politikarar, ser de ikkje kva de er i ferd med å gjera? Ønskjer de verkeleg å øydeleggja Os sit gode omdømme? Ønskjer de å øydeleggja det gode trepartsamarbeidet? Ønskjer de fleire sjukemeldingar? Ønskjer de at fleire finn seg andre arbeidsgjevarar? Organisasjonen tåler snart ikkje meir.

Dei tilsette kunne ha sagt litt av kvart vedkomande denne situasjonen, men er lojale til arbeidsgjevaren sin. Kvar er politikarane sin lojalitet? Underteikna og hovedverneombodet i Os kommune har følgd dei fleste av møta i PBU sidan saka i fjor sommar. Kvifor det? Jo, for å vera til stades og dermed ivareta tilsette. Ivareta dei mot kva? Som HTV følgjer eg mange politiske møte. Eg opplever at det er gode og ryddige møte. Men sakshandteringa i PBU, omgangstonen, kommentarar og karaktestikkar av kjende og ukjende, er berre trist å vera vitne til.

Så kjære politikarar: Gje administrasjonen og alle tilsette ro. Vi treng å byggja opp att den gode arbeidsstaden vår. Ein arbeidstad som alle tilsette er utruleg stolte av.

Åse M. Gjerde

HTV Delta

Os kommune