Sjølv etter at kommunestyret vedtok innmelding i Transparency International, så kjem det fram at normalen i kommunen er å halda betydeleg informasjon av allmenn interesse bak lukka dører.
Sjølv etter at kommunestyret vedtok innmelding i Transparency International, så kjem det fram at normalen i kommunen er å halda betydeleg informasjon av allmenn interesse bak lukka dører.

Lesarbrev: Kvalitetsdemokrati

Det burde vera sjølvsagt med opne, inkluderande prosessar i kommunen. Innbyggarane fortener å få alle fakta på bordet. Gode avgjerder må byggast på gode offentlege diskusjonar, skriv Nils-Anders Nøttseter.

Miljøpartiet Dei Grøne gjekk i 2015 til val på eit program som hadde fleire forslag til meir openheit og eit betre lokaldemokrati. Ein del av forslaga våre er no gjennomførte. Det viser seg likevel at dagens politiske leiing framleis ikkje har forstått - eller tatt innover seg - at standarden skal vera eit ope og involverande demokrati. Det gjeld i alle saker så lenge det ikkje føreligg eksplisitt lovkrav om lukking.

Dei Grøne har vore involvert i ei rekkje hendingar i desse åra. Mellom anna då ordføraren var einaste saksførebuar for Osfest sin søknad og han bevisst unnlot å svara på direkte spørsmål om saksoppklaring, og så avgjordemed dobbeltstemma si.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den elendige prosessen der kommunestyret og innbyggarane i fleire år ikkje fekk innsyn i val av tomt til den nye skulen på Hjelle var truleg brot på kommunelova. Heile strukturen på alle ad hoc-utvala var beviseleg ulovleg i mange år, og gjorde at korkje innbyggarar eller presse fekk innsyn i debattar og protokollar.

Og framleis, sjølv etter at kommunestyret vedtok innmelding i Transparency International, så kjem det fram at normalen i kommunen er å halda betydeleg informasjon av allmenn interesse bak lukka dører.

Eigedomsutvalet, som kun består av underteikna, ordførar og varaordførar, handsama ei sak om å selja Fjellheim til spottpris for vidare kulturdrift. I ettertid er det blitt kjent at eg var den einaste som ikkje sat med relevant informasjon om atOseana kunne fylla rolla betre. Ei slik sakshandsaming er svært kritikkverdig.

Om eg skal tolka ordførar og varaordførar i beste meining, så tenkte dei ikkje over at dette var relevant informasjon. I beste fall handlar det om elendig forståing av demokratiske prosessar, ikkje om vond vilje. Det kan vi bøta på med bevisstgjering, opplæring og vilje til gode, inkluderande prosessar. Avgjerder som er ferdig tygde og nesten svelgde i det dei kjem til politisk handsaming er ikkje engasjerande for innbyggarane.

I september 2019 går vi til val, og ei av kjernesakene til Miljøpartiet Dei Grøne i Bjørnafjorden er ein endå meir open og involverande kommune. Vi kallar det kvalitetsdemokrati!

Nils-Anders Nøttseter

MDG