(
( Foto: Bjarte Haugland

Lesarbrev: Reglane for alkoholreklame i digitale medium bør tilpassast ei ny tid

Dagens reglar er laga i ei anna tid, i ei tid kor digitale medium ikkje eksisterte. Dei er ikkje tilpassa dagens samfunn kor nærast alt går føre seg på internett.

Det er i desse dagar kome eit åtte sider langt brev frå Helsedirektoratet til sannsynlegvis alle bryggeri og dei som produserer alkoholhaldige varer her i Norges langstrakte land.

Vi er sjølvsagt ikkje gløymde vi heller, og har i så måte mottatt dette.

Brevet inneheld informasjon om kva som er lov og ikkje lov å seia om produsenten, i vårt tilfelle Bjørnafjorden Bryggeri, i digitale medium. Dette vera seg Facebook, Instagram, Snapchat, e-post, eigne nettsider, generelt alt som er digitalt. I tillegg er det sjølvsagt reglar om kva som kan gjerast med plakatar, skilting, osv. Kort sagt alt som kan forståast eller misforståast som reklame for det produktet me heilt lovleg produserer og sel.

Forbodet omhandlar berre norske bedrifter

Det er rett og slett slik at digitale medium er ein plass vi ikkje kan ytra oss om noko som helst som omhandlar våre produkt. Produkt som vi lovleg produserer, betalar avgifter og gebyr for og krev inn meirverdiavgift til staten for.

Det må understrekast at dette ikkje er noko nytt. Det har vore slik i mange år og det er tverrpolitisk støtte for at det skal vera slik. Med andre ord, heile det politiske styret i dette landet vurderer det slik at norske produsentar av alkoholhaldig drikke ikkje kan seia noko som helst om kva dei gjer på arbeidsplassen sin på digitale medium.

Dette forbodet omhandlar sjølvsagt berre norske bedrifter. Med svært få unnatak, Noreg er sjølvsagt eit slikt unnatak, så kan dei som produserer dei same varene som det vi gjer, både omtala og visa bilete av sine produkt i digitale medium. Dei kan fortelja om korleis dei produserer dette og sjølvsagt leggja ut bilete om korleis dei produserer dette og korleis produktet ser ut. Det har ikkje vi her i Noreg moglegheit til å gjera.

På eigne nettsider kan vi leggja ut nøktern informasjon om kva produkt me produserer, men me kan ikkje leggje ved link til denne nettsida på digitale medium. Denne nettsida må folkemengda sjølv tilfeldig spora opp på internett, og om ingen veit om at produsenten finst, vil heller ingen tilfeldigvis snubla over denne nettsida.

Meiner ikkje at det skal vera frislepp

Med dette brevet frå Helsedirektoratet trugar dei sjølvsagt med tilsyn om desse reglane ikkje vert overhaldne.

Bjørnafjorden bryggeri vil difor vera nærast usynleg for folk flest i tida som kjem. Det vil ikkje koma informasjon om kva me gjer på eller om me framleis held på med det me held på med.

La det vera sagt, vi som produsentar av alkoholhaldige varer er klar over at det skal vera strenge reglar når det kjem til alkohol og vi meiner heller ikkje nødvendigvis at det skal vera frislepp av reklame for dette.

Men dagens reglar er laga i ei anna tid, i ei tid kor digitale medium ikkje eksisterte. Dei er ikkje tilpassa dagens samfunn kor nærast alt går føre seg på internett.

Det er mykje som vart ytra og bestemt i ei anna tid som i dag blir tilpassa eit meir moderne samfunn. Kanskje det er på tide at produsentar av eit handverk som Noreg har lange, stolte tradisjonar i, kan få tilpassa desse reglane til dagens samfunn?

Bjørnafjorden bryggeri