Mange har trudd – og nokre trur framleis – at handlingane våre ikkje har innverknad på naturen, at den tåler det vi gjer, sjølv om vi byggjer ned ei myr her eller legg ein veg der. Dette er feil.
Mange har trudd – og nokre trur framleis – at handlingane våre ikkje har innverknad på naturen, at den tåler det vi gjer, sjølv om vi byggjer ned ei myr her eller legg ein veg der. Dette er feil.

Lesarbrev: Ta vare på naturen nær deg! Stem grønt

Naturen, nærleiken til den, og vernet av den er ei viktig årsak til at mange har engasjert seg i Miljøpartiet Dei Grøne.

Mange har trudd – og nokre trur framleis – at handlingane våre ikkje har innverknad på naturen, at den tåler det vi gjer, sjølv om vi byggjer ned ei myr her eller legg ein veg der.

Dette er feil. Verdas natur er no i krise, og det er i dag 60 prosent færre ville dyr i verda enn det var for berre 50 år sidan. Vi har pøst ut så mange millionar tonn klimagassar at endringane kjem svært raskt, kanskje for raskt til at naturen klarer å hengja med. Skal vi greia å snu denne utviklinga og ta vare på det biologiske mangfaldet, er vi heilt avhengige av å få fleire menneske til å få augene opp for kva som står på spel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi meiner ein av dei beste måtane å få det til på, er å gå ut i naturen og setja pris på friluftslivet og naturopplevingane. Då ser ein fort verdien av å verna naturen rundt seg. Difor kjempar vi i MDG for å verna natur, insekt og dyr, slik at også borna våre skal få ha store og små friluftsopplevingar. Vi ynskjer å verna fleire område og sikra tilgang for både noverande og komande generasjonar, og vi ynskjer også å utvikla tilrettelagde kulturelle turstiar i kommunen.

I Fusa og Os er det svært mange som nyttar naturen til fysisk fostring og rekreasjon. Vi ynskjer meir kommunale midlar til dei frivillige laga som arbeider med turvegar, betre parkeringstilhøve, og at det gode arbeidet med å leggja til rette for til dømes barnevogn og rullestol på stiar i kommunen, held fram.

Dei offentleg tilgjengelege badeplassane i kommunen er også viktige å ta vare på, saman med resten av strandsona.

Vi vil sikra eit godt planverk for bygging i nærleiken av strandsone, elver og vassdrag.

Godt val! Stem grønt.

Jo Rune Ugulen Kristiansen

Listekandidat

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden