Bjørg Randi Lekven meiner me har mykje å takka Terje Søviknes for. - Han har gjort mykje for Os, seier ho.
Bjørg Randi Lekven meiner me har mykje å takka Terje Søviknes for. - Han har gjort mykje for Os, seier ho. Foto: Kenneth Svenningsen

Lesarbrev: Tusen takk, Terje!

Eg vil seia tusen takk til ordføraren vår, som har gjort så mykje for bygda vår, skriv Bjørg Randi Lekven.

No når Terje Søviknes må gå av, så er eg berre veldig glad for det me har fått. Eg kan nemna Oseana, det flotte kulturhuset vårt, Os Sjøfront, bubilparkeringa, og bølgjebrytarane som fungerer så flott.

I tillegg har me eit flott idrettsanlegg på Kuventræ, og for ikkje å snakka om Luranetunet med ny sjukeheim, bustader og tropehage.

Vil bli gamal i Os

Eg veit om fleire som har seld husa sine i Bergen fordi dei ville flytta hit og bli gamle i Os.

Eg har vore stolt over Terje Søviknes & co. Eg har vore stolt over å vera osing, og å bu i denne bygda der det skjer så mykje.

Lukka til med det du skal gjera, Terje, og eg håpar du kjem tilbake ved neste høve.

Bjørg Randi Lekven