Dess lenger Israel står for linja med okkupasjon og undertrykking, og får støtte av Donald Trump og den amerikanske høgresida og ingen protesterer med tyngde frå Noreg eller andre europeiske land, dess lenger vekke er ei fredsløysing.
Dess lenger Israel står for linja med okkupasjon og undertrykking, og får støtte av Donald Trump og den amerikanske høgresida og ingen protesterer med tyngde frå Noreg eller andre europeiske land, dess lenger vekke er ei fredsløysing.

Lesarinnlegg: Svar på oppretting av MIFF - Grensar til det latterlege

Berre ei oppløysing av Israel i si noverande form og oppretting av ein stat som ivaretek både den jødiske og palestinske befolkninga sine interesser kan føra til ei fredeleg og rettferdig løysing på konflikten.

Ser i Os og Fusaposten 24. september at ein organisasjon med det noko misvisande namnet Med Israel for fred (MIFF) har starta lokallag i Bjørnefjorden.

Det må dei sjølvsagt få gjere. Men å hevde at dei er ein organisasjon som fremjar fred når dei er med på å sende folk til å tenestegjere i den israelske hæren, som applauderer ein stat som okkuperer eit anna folk sitt landområde, som forsvarar busetjarar på okkupert land og deira trakassering og øydelegging av palestinske bønder sine olivenlundar og avlingar, som forsvarar diskriminering og trakassering av palestinarane, som forsvarar bombinga av Gaza, det grensar til det latterlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

MIFF står i sitt forsvar for staten Israel for alle desse sakene. Ikkje éi av dei kan kallast å stå for ei fredeleg løysing av situasjonen mellom Israel og det palestinske folket. Og dess lenger Israel står for linja med okkupasjon og undertrykking, og får støtte av Trump og den amerikanske høgresida og ingen protesterer med tyngde frå Noreg eller andre europeiske land, dess lenger vekke er ei fredsløysing.

Staten Israel vil vere ein rein jødisk stat, og det betyr at palestinarane som bur i Gaza og dei okkuperte områda aldri kan få ei rettferdig løysing. Berre ei oppløysing av Israel i si noverande form og oppretting av ein stat som ivaretek både den jødiske og palestinske befolkninga sine interesser kan føra til ei fredeleg og rettferdig løysing på konflikten.

Willy Kalsås