Ytre sone: Det vert opna for ei ytre sone der omsyna bak nullvekstmåla ikkje er til stades gjennom regional plan.

Likevel håp for at unge kan busetja seg i krinsane. Byvekstavtalen kan reforhandlast

Ved å forhandla vekk desse krava, vert det opna for at krinsane kan ta i mot ungdomen som ønskjer å busetja seg der.

Trass i Statsforvaltaren sitt brev av 25. mars med krav om å ta ut fleire regulerte og godkjente tomteområde i krinsane frå kommunedelplanen for Bjørnafjorden Vest, er det truleg mogleg å endra avtalen, slik at ein framleis kan ha levande krinsar.

Statsråd Knut Arild Hareide, i det Kongelige Samferdselsdepartement, sende 8. juni 2020 ut brev til partane i Byvekstavtalen med melding om vidareutvikla nullvekstmåla som ligg i Byvekstavtalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det overordna målet for Byvekstavtalen er følgjande: «I byområda skal klimagass, kø, luftureining og støy reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontrafikken vert tatt med kollektivtransport, sykling og gange.»

Samferdselsministeren opnar idet nemnde brevet for inndeling i soner gjennom avklaring ved forhandlingar om Byvekstavtalane.

Bjørnafjorden kommune skreiv under Byvekstavtalen 24.09.2020, altså etter at brevet frå Samferdselsdepartementet vart sendt ut.

I og med at brevet om soneinndeling kom så seint i forhandlingsperioden, er det grunn til å tru at spørsmålet om soneinndeling ikkje vart lagt vekt på i forhandlingane om Byvekstavtalen.

Samferdselsministeren opnar for følgjande soneinndeling: Den mest sentrale delen av byområdet skal utgjera den indre sona.

Den midtre sona, er mellom den indre sona og definerte vekstsoner, som til dømes Osøyro, Kleppestø, Knarvik og Straume.

Indre og midtre sone, slik omtala her, utgjer område der omsyna bak nullvekstmålet er til stades.

Krinsane må kunna definerast som ytre sone

Det vert opna for ei ytre sone der omsyna bak nullvekstmåla ikkje er til stades gjennom regional plan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samferdselsdepartementet vil fastsetja mandat for forhandlingane om soneinndelinga i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Her ligg sjansen for Bjørnafjorden kommune.

Få definert krinsane som ytre sone og få vekk krava om bussfrekvens kvart tiande til femtande minutt i rushtid og gangavstand på maksimalt ti minutt til nærsenter.

Ved å forhandla vekk desse krava, vert det opna for at krinsane kan ta i mot ungdomen som ønskjer å busetja seg der.

Med dei signala ordføraren har gitt, er eg sikker på at Bjørnafjorden kommune klarer å finna løysingar som sikrar at dei unge får byggja og bu i krinsen dei har vakse opp i.

Gjennom reforhandling av Byvekstavtalen og mekling med Statsforvaltaren, eller gjennom avgjerd i departementet, vil ein heilt sikkert finna gode løysingar som er til beste for samfunnet.

Øyvind Tøsdal