Grunn til å vurdera på nytt: Når ein no ser at ein kanskje ikkje har høyrd godt nok på brukarar og pårørande i eldreomsorga, er det grunn til å vurdera saka på nytt.

Matomsorga må vera den beste for våre eldre

Ein vert litt sett ut, og rett og slett lei seg, på vegner av dei eldre når ein les oppslaget i Os & Fusaposten laurdag 6. februar.

Dette lesarbrevet er identisk med interpellasjonen til Frp i saka.

Så seint som i desember handsama kommunestyret ein rapport som tilrådde å byggja matomsorga i Bjørnafjorden på mat frå produksjonskjøkkenet ved Fusa Bu- og Behandlingssenter (FBBS). Konseptet er basert på metoden kok-kjøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi i Frp og SV meinte at metoden kok-server burde vore nærare utgreidd før ein fatta vedtak. Diverre vart vi nedstemt.

Når vi no høyrer kva Julie Dysvik (102) meiner om mattilbodet ved Fusa Bu- og behandlingssenter, er vi endå meir uroa og usikker på om kommunestyret har gjort kloke og riktige val i høve til matomsorga. For éin bebuar som ikkje er nøgd, er éin for mykje. Så stor verdi har ei god matomsorg. Og kva då med dei som ikkje har moglegheit til å seia i frå?

Einingsleiar ved FBBS poengeter at dei òg får mange positive tilbakemeldingar på maten, men det er munnlege og sporadiske tilbakemeldingar. Og det stemmer nok. Det store spørsmålet er om det er gjennomført formelle brukarundersøkingar på matomsorga ved Fusa bu- og behandlingssenter og Luranetunet bu- og behandlingssenter? Dette ville vore relevant bakgrunnsinformasjon knytt til valet av framtidig kjøkenløysing for Bjørnafjorden kommune.

Når ein no ser at ein kanskje ikkje har høyrd godt nok på brukarar og pårørande i eldreomsorga, er det grunn til å vurdera saka på nytt.

Vil ordføraren ta initiativ til å få gjennomført brukarundersøkingar knytt til matomsorga ved Fusa bu- og behandlingssenter og Luranetunet bu- og behandlingssenter?

Og meiner ordførar og fleirtalet i kommunestyret framleis at kjøkkensaka vi handsama i haust var godt nok utgreidd?

Og vil ordføraren og fleirtalet i kommunestyret, trass i matopplevinga som Julie Dysvik gjev ærleg uttrykk for, køyra løpet heilt ut og stå inne for vedtaket ein gjorde i desember om kjøkenløysing?

Laila Reiertsen

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Frp