Fortvila: - Dei som kjem på sjukeheim i dag, er langt sjukare enn dei som kom dit for berre 15 år sidan.

Me blir fortvila viss det blir kutt i tilbodet

Dei siste 10-15 åra er det bygd ut eit solid heimesjukeapparat.

Torsdag las eg på Facebook at kommunestyrerepresentant Magne Djupvik heng seg opp i bleiebyting på institusjonar.

Dei siste 10-15 åra er det bygd ut eit solid heimesjukeapparat. Slik kan mine foreldre og andre eldre få vera heime den siste tida av livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Kan kommunen garantera at folk slepp å gå med same bleie i 17 timar på våre institusjonar?

Hjelpemiddel får ein etter behov og tilsyn og den hjelpa kvar enkelt treng. Det blir òg fleire og fleire eldre då levealderen går opp.

Dersom ein eldre person må på institusjon i dag, er vedkomande mykje dårlegare helsemessig enn ein eldre person var for til dømes 15 år sidan.

Då treng dei hjelp heile døgnet til tilsyn, medisin, mat, stell m.m. Og då treng me sjukepleiarar og hjelpepleiarar på jobb som kan ta seg av dette.

Eg er veldig nøgd med heimesjuketilbodet slik det er i dag, og eg blir fortvila viss det vert kutt her.

Solveig Lovise Håland