Dråpen: Eg håpar at rotet rundt skulestart er siste dråpen som gjer at regjeringa avlyser eksamen i 2021.

Me elevar fortener betre

Etter nesten eit heilt år med ein kaotisk skulekvardag utan å møte vener, fortener alle elevar meir enn slurv frå regjeringa.

Søndag kl. 18 kom beskjeden som betyr skilnaden på ein relativt normal skulekvardag og nye veker med heimeskule. Etter nesten eit heilt år med ein kaotisk skulekvardag utan å møte vener, fortener alle elevar meir enn slurv frå regjeringa.

Eg vil tru at eg er langt frå den einaste som etter eit tungt år og ei jul utan besøk frå familien, lengta etter å kunne treffe kompisar og kome i gang med eit nytt semester. Søndag kveld hadde eg framleis dette håpet, og utan ein lyd frå regjeringa eller skulen min, tenkte eg at ting skulle halda fram på gult nivå slik som før jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heilt i siste time fekk eg ein SMS frå fylkeskommunen om at eg no måtte motivere meg for endå meir heimeskule, utan nokon skulebøker søndag kveld. Då vart eg frustrert.

Heimeskule er kjipt, men eg har forståing for at det trengst. Me elevar må også gjere vår del for å stoppe viruset. Likevel sit eg igjen med kjensla av at regjeringa ikkje tar oss seriøst når ein verkar fast bestemt på å gjennomføre ein grovt urettferdig eksamen til våren, samtidig som dei gjer det umogleg for oss å gjere vårt beste dette skuleåret. Eg veit at Erna ser oss. Det som betyr noko, er likevel om ho bryr seg nok om oss elevar til å ta våre stemmer på alvor.

Erna veit at dette skuleåret har vore kaotisk og annleis. Likevel nektar ho å ta ansvar for ein situasjon som er svært krevjande for elevane. Eg håpar at rotet rundt skulestart er siste dråpen som gjer at regjeringa avlyser eksamen i 2021. Det handlar om å ta ansvar for ein situasjon som ligg langt utanfor av elevanes kontroll.

Vegar Klyve

Nestleiar i AUF i Vestland

Elev på Os gymnas