Ikkje eit svik: Dette er ikkje eit svik frå Ap, og det er ikkje å stå på feil side av historia. Det er å ta ansvar.

Meir hjelp og mindre straff

Det blir ikkje ei rusreform med avkriminalisering i denne omgangen. Det er det mange som er skuffa over, både i Vestland Arbeidarparti og her i Bjørnafjorden.

Eg er imponert over den innsatsen som Arbeidarpartiet i Vestland, og særskilt i Bergen, har lagt ned for å spreia kunnskap om tronga for endring på rusfeltet. Dette er eit stort og viktig spørsmål som treffer mange svært nært. Vi skal og må ha respekt for at vi alle ønskjer å hjelpa og forebygga, sjølv når vi ser ulikt på korleis vi løyser dette.

Vedtaket på landsmøtet er likevel ikkje eit nei til endring. Jonas Gahr Støre er tydeleg på at ei Ap-leia regjering vil ha ei kraftfull behandlingsreform der dei tyngste rusmisbrukarane skal få betre helsehjelp og ikkje forfølgjast med straff. Unge som brukar rusmidlar skal få meir og betre hjelp, og det skal også bli ei avgrensing på kor lenge narkotikalovbrot skal stå på rullebladet. Det er bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uavhengig av avkriminaliseringsdebatten må vi aldri gløyma kva rusproblematikk er eit symptom på: Klasseforskjellar, sosiale problem og svakare fellesskap. Her er det inga usemje internt i Arbeidarpartiet, berre sterk vilje. Ingen parti har eit så offensivt program for førebygging og utjamning som det Arbeidarpartiet går til val på no.

Vedtaket frå Arbeidarpartiets landsmøte er eit godt vedtak. Vi vil mellom anna:

«Satse på kunnskapsbaserte rusforebyggende tiltak rettet mot ungdom som kan sikre at ungdom og førstegangs forseelser tilbys god tverrfaglig oppfølging av helsetjenestene i kommunen ut fra den enkeltes livssituasjon»

«Ha som hovedregel at reaksjonen i møte med ungdom og førstegangs forseelser som tas for bruk og besittelse av narkotika bør være påtaleunnlatelse og tverrfaglig oppfølging, gjennom forpliktende helse- og sosialfaglige oppfølgingsløp i samarbeid mellom politiet og helsetjenestene i kommunene.»

«Foreslå begrensninger for hvor lenge bruk og besittelse av brukerdoser forblir på rullebladet.»

Arbeidarpartiet vil ha ei betre rusreform enn den som vart lagt fram av regjeringa. Vi vil syta for at det følgjer pengar med slik at dei lokale styresmaktene og spesialisthelsetenesta faktisk kan gjennomføra reforma. Det er ikkje eit svik, og det er ikkje å stå på feil side av historia. Det er å ta ansvar.

Henriette Madel Mori Lien

Nestleiar

Artikkelen held fram under annonsen.

Styret i Bjørnafjorden Arbeidarparti