Får taletid: Fredag har ordførar Trine Lindborg fått to minutt taletid på landsmøtet til Arbeidarpartiet. Ho skal snakka om olje og gass vs det grøne skiftet.

Næringsutvikling og ein rettferdig klimapolitikk hand i hand

Med Arbeidarpartiet sin politikk blir det jobbar i distrikta, industriutvikling og eit trygt arbeidsliv for både fagarbeidarar og forskarmiljø. Det grøne skifte vil inkludere alle.

Noreg og verda står framfor store utfordringar for å ta vare på vår felles arv, ein klode som toler måten me brukar den på. Me er heilt nøydd til å utvikle berekraftig forbruk, og ein industri som både produserer berekraftig, og der produktet er miljøvennleg. Tek me ikkje leiartrøya no, så sakkar me akterut. Difor vil Arbeidarpartiet kutte utslepp, samstundes som me byggjar industri og skapar arbeidsplassar.

All næringsutvikling er avhengig av at ein har tilgang på arbeidskraft, kunnskap, økonomi, naturressursar og innovasjonsevne. Her har me i Noreg eit stort fortrinn. Me har ein oljeindustri med dyktige fagfolk, med høg kompetanse, som gir landet store inntekter. Olja varer ikkje evig, og på sikt vil bruken av denne naturressursen minka. For å lukkast med ei slik omstilling må ein ha med seg industrien og dei kompetente fagfolka. Ein må byggja ny industri på skuldrene til eksisterande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verda vert meir og meir elektrifisert, og ein jaktar stadig på nye energikjelder. Me må vera med i den omstillinga. Me må gå i front for desse nyvinningane og endringane. Me har kunnskapen og me har naturressursane som skal til for å lukkast. Me har no unike moglegheiter til å få etablert mange nye jobbar i eksisterande og nye industribedrifter, og me må bokstaveleg talt ta eit krattak for å sikra kraftframføring. Dette krev politisk vilje og mot. Vilje og mot den sitjande regjeringa ikkje har vist.

Det er gjennom denne tankegangen Arbeidarpartiet i sitt program vil samordna eksisterande oljeindustri med ny industri. Ved bruk av rein energi, ny teknologi og samarbeid mellom dei praktiske faga og forskingsmiljøa, byggja ny industri og kutta utslepp.

Ungdomane våre skal vera trygge på at dei framleis kan velja utdanningsløp innan olje, gass og maritime næringar. Om me mistar rekrutteringa til desse yrkesfagområda, taper me kunnskapen og kompetansen som skal byggja den nye industrien og dei nye næringane. Det er denne samhandlinga mellom fagarbeidaren, ingeniøren og forskaren som er nøkkelen til suksess i det grøne skiftet.

Det er denne heilskapen i utviklinga eg meiner Arbeidarpartiet er åleine om å sjå, og har evna og motet til å gjennomføra.

Med vår politikk blir det jobbar i distrikta, industriutvikling og eit trygt arbeidsliv for både fagarbeidarar og forskarmiljø. Skal ein lukkast med det grøne skiftet, må det inkludere alle. Det kan ikkje kosta meir å vera med på denne endringa anten du bur i Alta eller på Alna. Her er alle like viktige og verdifulle. Vårt gamle slagord, “By og land — hand i hand” gjeld også her.

Trine Lindborg

Ordførar i Bjørnafjorden kommune

Utsending til Landsmøtet i Arbeidarpartiet