Snublar: Øyvind Tøsdal snublar i same dogmatiske populisme som Frp gjer - dei hevdar at vi er ein nei-kommune når vi ikkje har liberalismen til Frp/H som rettesnor.

Nei Tøsdal, berre nei

Øyvind Tøsdal har all rett til å ytra seg, men eg ser ikkje anna motivasjon enn eit klønete forsøk på å påverka oss til å gjera eit dispensasjonsvedtak.

Øyvind Tøsdal konkluderer med at Bjørnafjorden er ein nei-kommune etter at kommunen har eksistert i knappe 67 dagar. Saka han først omtaler er sak nummer 55 frå planutvalet (PBU) i kommunen si korte historie.

Han uttaler seg som part i to saker, ei frå sist torsdag og ei som kjem til handsaming 12. mars. Han har all rett til å ytra seg, men eg ser ikkje anna motivasjon enn eit klønete forsøk på å påverka oss til å gje eit dispensasjonsvedtak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøsdal har vore aktiv i Arbeidarpartiet sidan 1982, han har vore kommunaldirektør i kommunen og han har mange år bak seg som utbyggjar. Han veit godt kva som gjekk føre seg i PBU sist torsdag.

Då vedtok PBU å seia ja til dispensasjon frå byggeforbod i strandsona i Kvernhusrenen, Skeisstøa, Sørstrøno, Søvikvegen, Lysøen, Bogstrandvegen og på Ytterøya. Vidare vart det ja til dispensasjon frå krav om plan i Kvernhusrenen, Skeisstøa, Søvikvegen, Lysøen, Lyseklostervegen og Ulvenvegen. Og til sist vart det dispensasjon frå LNF-føremål på Ytterøya, i Klasavegen og Torsvikvegen.

Det vart kun avslag på dispensasjon i to (!) saker sist møte, det var i Kjeldevegen og i Røtingavegen.

Grunnen til at vi måtte gje så mykje dispensasjon, er at arealpolitikken i gamle Os kommune har vore ein katastrofe utan kontroll eller struktur i minst to tiår. Dette er eit massivt arbeid å rydde i, det kostar titalls millionar for kommunen og innbyggarane, og mange bustadområde vil aldri få leikeplass eller gangveg eller anna felles naudsynt infrastruktur.

Øyvind Tøsdal snublar i same dogmatiske populisme som Frp gjer - dei hevdar at vi er ein nei-kommune når vi ikkje har liberalismen til Frp/H som rettesnor. Men saka er at å seia nei til dårlege prosjekt er å seia ja til god samfunnsutvikling.

Veljarane vil ha JA til trafikksikker skuleveg. Dei vil ha JA til leikeplass og gode oppvekstvilkår. Dei vil ha JA til lokalveg med tilstrekkeleg kapasitet. Dessutan JA til at kommunen krev reguleringsplan som sikrar at ikkje utbygginga foregår klattvis med profitt som einaste motiv. Bjørnafjorden har etablert seg som ein JA-kommune.

Som utbyggar bør Tøsdal sjå etter løysingar og prosessar for framtida. Personleg meiner eg at han bør halda seg unna PBU-gruppemøta til Arbeidarpartiet.

Dispensasjon frå plankrav er presis årsaken til at vi har mange bustadområde med dårleg kvalitet i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne

Nestleiar Plan- og bygningsutvalet