Viktigaste og eldste: Dette er det viktigaste og eldste trafikksikringsprosjektet i gamle Fusa sin trafikksikringsplan.

No er det dei på Rød sin tur!

Kven av dei politiske partia er villig til å bruke midlane som står på bok, og sikra innbyggjarane på Rød ein trygg kvardag?

Rød ligg i vakre Hålandsdalen. Landleg, med flott natur, omgjeven av høge fjell, fine vatn og skog. Ein så idyllisk, og nydeleg plass å vekse opp for barn og ungdom, med kort veg til skule og fritidsaktivitetar.

Men trygt er det diverre ikkje likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vedtok desse trafikksikringstiltaka for 2021 - utsette undergang på Rød

Området er usikra, og svært trafikkfarleg. Med ei gjennomgåande 80-sone, er kvardagen til barna som bur der svært risikabel.

I rasande fart fyk tungtransporten forbi, med små skuleborn tett i vegkanten. Her er det berre eit spørsmål om tid. Kor tid skjer uhellet igjen? Her trengst det tiltak, sikring og tryggleik. Før det er for seint.

Les også
Undergang på Rød: – Kostbart, men den beste løysinga på sikt

Kommunedirektøren hadde føreslege 6,5 millionar (og ytterlegare 1,5 millionar i 2022) til undergang på Rød i Plan-, bygg- og miljøutvalet i februar.

Trass i at sakshandsamar var tydeleg på at vegvesenet er negativ til nedsett fartsgrense, og at dette har vore drøfta fleire gonger tidlegare, valde likevel fleirtalet i Plan-, bygg- og miljøutvalet å utsetje saka. Grunngjevinga var ønske om fleire utgreiingar, og at prosjektet var for kostbart. No ligg desse vurderingane i bordet, med den same og klare bodskapen som sist. Den beste løysinga på Rød er undergang.

Onsdag 5. mai skal saka opp i trafikksikringsutvalet. I sakspapira står det: “Om det ikkje vert fatta vedtak om gjennomføring, har administrasjonen ikkje andre større trafikksikringsprosjekt klare for gjennomføring i 2021”.

Dette er det viktigaste og eldste trafikksikringsprosjektet i gamle Fusa sin trafikksikringsplan. Prosjektet er ferdig kokt, og bordet dekka. Her er det berre å eta.

Kven av dei politiske partia er villig til å bruke midlane som står på bok, og sikra innbyggjarane på Rød ein trygg kvardag?

Har me i det heile tatt råd til å la det vera?

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiet stemmer for. Nok ein gong.

Line Furubotn Storum

Bjørnafjorden Arbeidarparti

Medlem Plan-, bygg- og miljøutvalet

Medlem Trafikksikringsutvalet