Nok forsvar no?

Folkemord: Dette er folkemord, og framhald av den etniske reinsinga som Israel har stått for i mange tiår.

Eg saknar å lesa kva KrF i Bjørnafjorden og Konservativt meiner om okkupasjonsmakta Israel sin terror i tida etterpå.

I kommunestyret 26.10.2023 fremja KrF-representanten Jakob Enerhaug ein interpellasjon med forslag om at rådhuset skulle lyssetjast i israelske fargar.

Dette skulle vera ei solidaritetsmarkering for dei sivile i Israel som vart råka av terrorangrepet 7. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Føreslår å lyssetja rådhuset i dei israelske fargane
Les også
Støtte til Israel frå Konservativt Bjørnafjorden

Kommunestyret støtta ikkje framlegget, men Konservativt stupte lukkelege inn i blodskodda, slik vi kunne sjå i lesarinnlegg v/Rune Samnøy i Os & Fusaposten 8. november.

Eg saknar å lesa kva KrF i Bjørnafjorden og Konservativt meiner om okkupasjonsmakta Israel sin terror i tida etterpå.

Dette er folkemord, og framhald av den etniske reinsinga som Israel har stått for i mange tiår.

Kanskje Israel har forsvart seg nok no?

Inge Hjertaas

SV-veljar

Les også
Føreslo å lyssetja rådhuset i israelske fargar
Les også
Lyssetting av rådhuset i israelske fargar?!