Stor tru: Då det skulle drøftast samanslåing av Os og Fusa, vart det halde møte på vidaregåande skule på eit tidleg tidspunkt. Møtelyden var svært oppglødd og hadde stor tru på politikarane sine.

Noka folkerøysting blei det altså ikkje. Ein tykte vel at saka var for lite alvorleg til det?

I dei siste dagane har det kome ein del telefonar om denne samanslåinga frå Fusa-folk.

Då det skulle drøftast samanslåing av Os og Fusa, vart det halde møte på vidaregåande skule på eit tidleg tidspunkt. Møtelyden var svært oppglødd og hadde stor tru på politikarane sine – blant anna var det klart at eigedomsskatten skulle vekk og Luranetunet kunne ta mot alle i lang tid framover, ja, alt var berre gull og grøne skogar.

Underteikna nemnde så vidt at det låg ein fjord i mellom og lanserte ein vegtrasé i området, noko som fekk lærar til å dra i tvil min habilitet om brulengde på Gaupholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her ein dag var eg innom sjukeheimen i Eikelandsosen. Eg vart litt forundra over kor mange Os-namn der var. Ja, ja, tenkte eg, der er vel Fusa-folk på Luranetunet også.

Om kvelden las eg Os & Fusaposten på nettet, og både ordførar og varaordførar var representerte der. Deira problem var kommunedirektøren sin ymt om eigedomsskatt som var nemnd i samband med budsjettet for komande år.

På TV-en fekk eg sjå Støre og Vedum som no skulle rydda opp etter den fatale regjeringa som no gjekk av. Det som slo meg då, var at i Bjørnafjorden har vi den same konstellasjonen, så nå blir det gode greier.

I dei siste dagane har det kome ein del telefonar om denne samanslåinga frå Fusa-folk. Rett nok var det ca. 500 personar i Fusa som vart kontakta når det heile gjekk føre seg, desse blei ikkje uttekne etter den malen som SSB legg til grunn for sine intervju.

Noka folkerøysting blei det altså ikkje. Ein tykte vel at saka var for lite alvorleg til det? Er det merkeleg at folk går rundt og lurer?

Gudleik Østerbø