Synfaring: Bjørnafjorden Frp ved lokallagsleiar Gustav Bahus (biletet) og ordførarkandidat Terje Søviknes var denne veka på synfaring på Baldersheim Helsetun.

Svar til Ap: Det er ikkje glastak vi treng no

Vi treng midlar til å oppretthalda eit forsvarleg omsorgstilbod og ei god bemanning i eldreomsorga.

Ap kjem denne veka med eit spesielt lesarbrev om Omsorg+ i Bjørnafjorden kommune. I ei tid der vi slit med behov for nedtrekk innan helse- og omsorgtenestene kjem dei med eit frontalangrep på Frp og Høgre. Kanskje det er slik at angrep er det beste forsvar? Ap vann tross alt sist val, og har hatt ordføraren sidan 2019.

Les også
Tryggleik, fellesskap og livsmeistring for eldre = Omsorg+

Frp er einige i at Omsorg+ er eit godt tilbod i omsorgstrappa. Eit tilbod mellom bistand i eigen heim og sjukeheimsplass. I praksis er det snakk om omsorgsbustader med fellesareal, aktivitetar og personale tilstades heile døgnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utfordringa er berre at Aps forslag dei siste åra ikkje ville gitt eit utvida tilbod innan eldreomsorga i Bjørnafjorden. Rapporten dei bestilte peika på potensialet i å gjera om eksisterande omsorgsbustader i t.d. Gamleheimshagen, Eikhovdaheimen og Baldersheim Helsetun til Omsorg+. På desse stadene har vi allereie eksisterande og velfungerande omsorgsbustader.

Seinast tysdag var Frp på synfaring på Baldersheim Helsetun. Eit flott anlegg, der diverre fem omsorgsbustader står ledige. Tilsvarande har vi ledige bustader på Eikhovdaheimen.

Skal vi satsa på Omsorg+ i Bjørnafjorden ynskjer Frp at vi utvidar med noko nytt som aukar det samla tilbodet innan eldreomsorga i kommunen. Nye konsept kan byggjast ut av kommunen sjølv, men vi kan også samarbeida med private om eit slikt tilbod.

Budsjettframlegga som Ap syner til med to millionar kroner i 2022 og fire millionar kroner i 2023, er på investeringsbudsjetta, dvs. til ombygging av eksisterande bygg. Til dømes var to millionar kroner i 2022 avsett til glasstak i Gamleheimshagen.

Ap hadde ikkje inne ei einaste krone til auka bemanning knytt til etablering av Omsorg+. Om ikkje Ap har fått med seg den akutte utfordringa i helse- og omsorgsområdet, kan vi opplysa om at det ikkje er glastak vi treng no, men midlar til å oppretthalda eit forsvarleg omsorgstilbod og ei god bemanning i eldreomsorga.

I heile denne perioden har Frp pressa på for at vi skal planleggja for framtidas eldreomsorg i Bjørnafjorden. Vi blir fleire eldre og utfordringane med demens er aukande.

I 2019 lanserte Frp Askviknes Omsorgssenter, med sjukeheimsplassar og demenslandsby. Dette er eitt alternativ.

Vi har tatt til orde for å byggja om gamle Os sjukeheim til både sjukeheimsplassar og Omsorg+ bustader. No står desse lokala dessverre tom, men det er varsla at vi skal få ei politisk sak om bruk av areala i 2023.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg ynskjer vi å sjå på samarbeid med private utbyggjarar som kan realisera sentrumsnære omsorgsbustader eller Omsorg+ konsept.

Om vi klarer å etablera slike prosjekt dei næraste åra, er avhengig av tilskot frå Husbanken. Diverre foreslo Ap/Sp-regjeringa å fjerna heile statstilskotet til nye omsorgsplassar i Statsbudsjettet for 2023.

SV fekk inn at 500 plassar gjennom forhandlingane i Stortinget, men i sist veke fekk vi melding om at heile potten var brukt opp i løpet av januar. Vi får altså ikkje drahjelp frå Ap og Sp i regjering. Til samanlikning løyvde Frp i gjennomsnitt midlar til 2.200 plassar kvart av dei sju åra vi sat i regjering.

Uansett må vi no løysa utfordringa knytt til drift innan helse- og omsorgsområdet. Deretter skal vi utvikla eldreomsorga vidare i Bjørnafjorden kommune.

Frp har alltid prioritert eldreomsorga. Det vil vi også gjera om vi får høve til å styra kommunen etter kommunevalet 11.september!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Frp

Artikkelen held fram under annonsen.