Forsvarleg tilbod: - Eg stiller spørsmål om det er slik at desse brukarane ikkje skulle fått eit forsvarleg tilbod?

Om vikarbruken i kommunen: Innbyggjarane er vårt ansvar

Eg ser i Os & Fusaposten at vikarbruken i tidlegare Fusa kommune innan pleie og omsorg for åra 2014-2019 er av stor interesse for enkelte.

At ein innan dette feltet har hatt utfordringar med å skaffa kvalifisert arbeidskraft, er ikkje noko nytt. Vi kan alle vera einige om at faste stillingar kunne vore å føretrekkja, men framstillinga økonomisk bør ein kunna stilla spørsmål om.

Det kjem ikkje fram eit rekneskap om kva eventuelt vikarbruken kostar ekstra i forhold til faste tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Saka om vikarbruk kjem opp i formannskapet: - Dette er alvorleg

Både kommuneadministrasjonen og politikarar har hatt som mål at alle brukarar skal ha eit forsvarleg tilbod. Eg stiller spørsmål om det er slik at desse brukarane ikkje skulle fått eit forsvarleg tilbod?

Les også
Brukte 45 millionar kroner på vikarar innan helse og omsorg i åra før samanslåinga
Les også
Reagerer sterkt på utgiftene til vikarbruk: — Dette kan vi berre ikkje halda fram med

Politikarane har her tatt ansvar for innbyggarane på ein forsvarleg måte. Kven vil gjera noko anna?

Dette er daglege behov som er og skal bli stetta, ikkje prestisjebygg som drar ned drifta vår i tiår.

Mikal Leigland (Sp)

Varaordførar

Les også
— Vi har heilt sidan samanslåinga jobba med å kutta ned bruken av vikarbyrå