Oppmoding: I formannskapet 8. september presenterte landbruksjefen og prosjektleiaren forprosjektet Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar. No kjem politikar med oppmoding til prosjektet.

Oppmoding til prosjektet Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar

Her har ein ei unik moglegheit til å utvikla heile landbruket i Bjørnafjorden kommune.

I formannskapet 8. september presenterte landbruksjefen og prosjektleiaren forprosjektet Bjørnafjorden sjølvforsynt i 100 dagar.

Eit spanande prosjekt med store ambisjonar og stort budsjett. For landbruket i og rundt Bjørnafjorden kan dette verta svært positivt for utviklinga og framtida. Det er bra at det vert sett fokus på auka sjølvforsyning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg ynskjer meg eit større fokus på det tradisjonelle landbruket, vidareutvikling og satsing på rekruttering er avgjerande. I Bjørnafjorden kommune har talet på mjølkebruk gått ned. Dette skapar ringverknader i bygdene våre. Det er noko vi må setja stort fokus på.

Eg har fått tilbakemeldingar frå bønder, etter presentasjonen i formannskapet, at dei saknar informasjon om prosjektet. Det tykkjer eg er synd. Her har ein ei unik moglegheit til å utvikla heile landbruket i Bjørnafjorden kommune. Eg ber om at prosjektet tek kontakt med faglaga innanfor landbruket i kommunen vår. Det er uttalt at det har vore kontakt med resurspersonar, men ved å invitera til dialog med faglaga, aukar ein forankringa. Vonar at faglaga kan få koma med innspel før søknaden går vidare. For å nå eit felles mål om auka sjølvforsyning, må alle med.

Prosjektet har stort fokus på born og unge. Det heiar vi på. Å skapa forståing for kvar maten kjem frå, og gje borna eit kunnskapsgrunnlag slik at fleire ynskjer å vere med i matproduksjonen, er avgjerande for framtida.

Dina Lervåg

Leiar Bjørnafjorden Sp