– Ordførar er på tilbodssida for å finne rettferdige løysingar,- så om Bjørnafjorden Høgre no vil diskutere omdisponeringar i deira eiga budsjett, er det berre for gruppeleiar Marie Bruarøy å ta kontakt, skriv ordførar Trine Lindborg (Ap).

Ordføraren svarar Bjørnafjorden Høgre om straumstøtte til private barnehagar

Takk til Kjersti Ellingsen og Bjørnafjorden Høgre for at dei ønskjer at fellesskapet skal stilla opp når straumkrisa kjem og marknadskreftene sviktar.

Bjørnafjorden Høgre ønskjer at kommunen skal støtta dei ideelle barnehagane med dei ekstraordinære straumrekningane. Takk til Kjersti Ellingsen og Bjørnafjorden Høgre for at dei ønskjer at fellesskapet skal stilla opp når straumkrisa kjem og marknadskreftene sviktar.

Bjørnafjorden kommune sitt budsjett for 2022 blei vedtatt av Høgre, FrP, MDG og uavhengig Magne Djuvik. Det er altså innan for ramma av dette budsjettet at ei eventuell kommunal støtteordning til barnehagane må skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Arbeidarpartiet, SP og KrF sitt framlegg til budsjett låg det inne 1 million kroner til eit næringsfond, for å støtta utviklinga av lokalt næringsliv. Nokre av desse midlane kunne blitt omdisponert til krisestøtte. Men slik vart det diverre ikkje.

I Høgre, FrP, MDG og uavhengig Djuvik sitt budsjett ligg det berre øyremerka driftsmidlar til spesifisert lokalt næringsliv. Bjørnafjorden Næringsråd (300 000) Visit Bjørnafjord (100 000) Os Sentrumsforening (100 000)

Det er altså ikkje lett å sjå kor i Høgre, FrP, MDG og uavhengig Djuvik sitt budsjett ein skal finna rom til ekstra støtte til dei enkeltståande private barnehagane. Det blir også viktig at Høgre har tenkt over kva tiltak ei eventuell kommunal støtteordning skal innehalda for å sikra lik og rettferdig behandling. Kan ein koma i konflikt med andre regelverk for stønad/subsidiar? Kor store eller små skal barnehagane vera,- handlar det berre om eigarstruktur innanfor den private barnehagemarknaden? Er det berre dei små ideelle barnehagane som skal få støtte, eller gjeld det alle private barnehagar,- og korleis skal dette gjerast rettferdig? Eg ser at begge delar er nemnd i spørsmålet frå Kjersti Ellingsen i Bjørnafjorden Høgre

Til informasjon og opplysing har Ordførar i dag sjekka opp med administrasjonen om Bjørnafjorden kommune har fått førespurnader frå barnehagane om kommunal straumstøttehjelp. Det er per i dag ikkje motteke noko førespurnad frå bransjen og aktørane. Dette gjeld både for næring og oppvekst.

Ordførar er på tilbodssida for å finne rettferdige løysingar,- så om Bjørnafjorden Høgre no vil diskutere omdisponeringar i deira eiga budsjett, er det berre for gruppeleiar Marie Bruarøy å ta kontakt. Ordførar og Arbeidarpartiet er svært villige til å gå i dialog.

Trine Lindborg

Ordførar Bjørnafjorden kommune