Lange tradisjonar: Fjellheim har tradisjonar tibake til 1911 som ungdomshuset sentralt i bygda. Etter den trasige brannen i 1936, kunne nye, flotte Fjellheim feirast den 5. februar 1938.

Osingar i dag må visa både ansvar og glede av å ta vare på Fjellheim for framtida

Eg ser for meg følgjande tankeeksperiment, som eg faktisk har stor tru på, så sant dugnadsprinsippet lar seg aktivisera i våre dagar.

Fjellheim har tradisjonar tibake til 1911 som ungdomshuset sentralt i bygda. Etter den trasige brannen i 1936, kunne nye, flotte Fjellheim feirast den 5. februar 1938. For oss som voks opp på 50- og 60-talet var Fjellheim vår andre heim; turning, friidrett og gutemusikk, som det så jente-diskriminerande heitte før Os skulekorps kom på banen i 1959.

Framleis står hedigvis Fjellheim opp mot Mobergshaugane; teikna den gongen av Johan Lindstrøm (1893-1958), som klarte å gi Fjellheim dette flotte arkitektoniske uttrykket. Både eit signal- og eit symbolbygg som seinare vart ein viktig og tydeleg del av bygda sin identitet, og som osingar i dag må visa både ansvar og glede av å ta vare på for framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men vi i eldregenerasjonane må også visa ansvar og glede av å ta vare på den oppveksande slekta; ungdommane må kunna møtast og utveksla tankar og idéar utan at dei må tømma lommeboka. Fjellheim kan bli deira treffstad til trivelege samtalar og koselege fritidsaktivitetar - vekekveldar og helgedagar.

Men så kjem det store spørsmålet: Må dette oppussingsarbeidet kosta svimlande 35 millionar kroner? Ut frå mine tankar og idéar blir svaret på dette spørsmålet eit absolutt nei (!), og eg skal prøva å gjera greie for kvifor dette svaret.

Eg ser for meg følgjande tankeeksperiment, som eg faktisk har stor tru på, så sant dugnadsprinsippet lar seg aktivisera i våre dagar. Starten på det heile blir å få nokre handverkarar til å vurdera Fjellheim sin standard nett no innan sine fagfelt, med ei vurdering av kva som bør gjerast og korleis - eit førebels minstekrav til rehabilitering av Fjellheim.

Så skal det tilsetjast ein entusiastisk ungdomsleiar med nevenyttige kunnskapar og interesser. Han eller ho skal i løpet av ei viss tid vera leiar av ein ungdomsgjeng som etter dugnadsprinsippet skal rehabilitera Fjellheim, deira eige hus!

Om eit par år vil så desse ungdommane kunna samlast til trening, musikkøvingar, bursdagsfeiringar eller kva det no skulle vera. For ein billig penge i sitt eige hus! Lukke til!

Lars Skorpen