Har nekta å lytta: Slik kan det gå når ein i over tjue år har drive vill vest utbygging i ein Frp-styrt kommune som har nekta å lytta til faglege råd og som ikkje har villa innordna seg statlege rammar. Foto: Privat

Pass deg for den vonde Statsforvaltaren!

Er det verkeleg fanden du ser på veggen der, eller er det din eigen skugge, Tøsdal?

Den som les Øyvind Tøsdal sine lesarinnlegg den siste tida kan lett få føre seg at den vonde Statsforvaltaren står klar med ein bulldosar like utanfor Øyane for å jamna staden med jorda.

Les også
Statsforvaltaren ser ikkje konsekvensen av «Nei-politikken» han prøver å påtvinga Bjørnafjorden
Les også
Statsforvaltaren vil stoppa vidare utbygging i Øyane

Slik kan det gå når ein i over tjue år har drive vill vest utbygging i ein Frp-styrt kommune som har nekta å lytta til faglege råd og som ikkje har villa innordna seg statlege rammar.

Det er ikkje tilfeldig at arealplanene for Bjørnafjorden Vest som ein no forsøker å få på plass, har late venta på seg. Oppgåva har vore nær umogleg fordi den politiske vilja i Os har vore så veldig langt unna det som er realitetane i moderne samfunnsplanlegging.

Statsforvaltaren som i det siste framstår i lokalpressa med både horn og klover, er ikkje så vondsinna og viljesterk som ein kan få inntrykk av. Han er nettopp det tittelen seier. Forvaltaren til staten. Han er Stortinget og Regjeringa sin representant på bakken. Ikkje ein vondskapsfull kraft med ein heilt eigen og destruktiv agenda.

Heldigvis.

Forhåpentlegvis skal det bu folk i Øyane og andre stader i kommunen vår i tusenvis av år enno. Då kan ikkje kvar generasjon i aukande grad ta seg til rette på dei grøne flekkane som er att. Også fuglar, dyr og insekt skal leva i Øyane i framtida. Då må dei ha område å leva på. Det er ikkje berre menneske som skal bu her i bygda.

Dette har heldigvis storting og regjering langt på veg forstått og tatt konsekvensane av. Difor finst det no fleire restriksjonar på kvar og korleis vi menneske kan tillata oss å ta for oss av naturen i framtida. Det er ingen som har planar om å fjerna dagens bustadområde og leggja bygda øde. Det er snakk om restriksjonar på framtidige utbyggingar.

Vi skal ikkje berre ha ein plass å bu, vi skal leva der òg. Vi skal kunna gå ned til sjøen å bada, ta ein tur på fjellet, gå på ski over eit jorde og sitja ute i solveggen og høyra vinden og humla suse.

Tiltak som tek omsyn til andre enn dei som er fødde i Noreg på 1960-talet, er ikkje vondskap og dårskap, det er ein føresetnad for fellesskap. FN sine berekraftsmål og klimamåla er heller ikkje noko Statsforvaltaren kler seg opp i for å skremma bygdefolket. Begge desse måla svarer på reelle problem som står i fare for å øydeleggja livskvaliteten til millionar av menneske no og i framtida.

Norsk arealforvaltning har gjort store og viktige framsteg dei siste åra. Det er berre slik at Bjørnafjorden, og då særleg Os, ikkje har følgd med i timen. Sjølv om vi som nasjon bevegar oss i riktig retning, så meiner vi i MDG at vi likevel ikkje går langt nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

På landsmøtet nyleg vedtok Dei Grøne å arbeida for ei ny naturlov som vil gje naturen betre vern. Lova skal sørgja for stans i nedbygging av natur, at vi reparerer natur som alt er øydelagd og at meir blir verna.

Vi er ikkje villmenn på prærien. Vi er ikkje eineveldige på jorda, uansett kor mykje papir vi har på eigedomsretten til ein stad. Menneska er ein del av naturen, og det er på høg tid å byrja å ha litt respekt for dei andre artane som lever her og dei som kjem etter oss.

Lisa Nøttseter

Medlem

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden