Vil stimulera til utvikling: Senterpartiet vil endra desse ugunstige ordningane slik at vi går motsett veg, og stimulerer til utvikling og til at folk kan bu i bygder - om dei ynskjer.

Pendling og ferjeprisar – Sp krev handling

Pendlarfrådaga har under sitjande regjering vorte nær fjerna, i kombinasjon med at skattefritaket på diett og andre gode er redusert. Dette er distriktsfiendtleg politikk som betyr noko for utviklinga av både land og by.

Senterpartiet vil endra desse ugunstige ordningane slik at vi går motsett veg, og stimulerer til utvikling og til at folk kan bu i bygder - om dei ynskjer. Difor er pendlarfrådag og ferjeprisar viktige!

Vi meiner at det verken skal vera ei økonomisk belastning å bu på bygda og til dømes arbeida inn mot bykjernen, eller ei belastning å ha ei verksemd som får arbeidskrafta si frå meir sentrale strøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi meiner at ferjer er ein del av vegen vår, og vi vil ha ei reell halvering av ferjetakstar på vanlege samband, og gratis ferjesamband til øyer.

Innføring av autopass-systemet gjorde i tillegg at ein fekk ei nær dobling av ferjetakstane, noko som slår dårleg ut både for den vanlege bilist og for næringslivet.

I bygdene er det gjerne gunstigare bustader, meir plass og ofte gode oppvekstvilkår. Mange ynskjer å vidareføre kulturlandskap og det historiske arbeidet generasjonar før oss har lagt ned.

Senterpartiet vil at folk skal ha ein reell valfridom til å kunna bu også i bygdene, og at verksemder i bygdenorge må ha betre vilkår. Vi meiner at moglegheitene til å utvikla både verksemder og lokalmiljø er trua av den distriktsfiendtlege politikken som no vert ført. Dette viser at regjeringa ikkje er makta si verdig.

Pendlar- og ferjesaka er viktig for Senterpartiet, saman med ei rekkje andre saker som kan gje gode tenester nær folk.

Godt val!

Mikal Leigland