Reell endring: Raudt bør få stemma di fordi vi er ein garantist for at det faktisk blir ei reell endring.

Raudt er garantist for endring

For å best kunne vere denne vaktbikkja i norsk politikk, treng me fleire representantar på Stortinget.

Meiningsmålingane viser at norske veljarar ynskjer seg ei ny regjering til hausten. Det er ikkje så rart når Stortinget prioriterer å gje sine eigne representantar høgare løn og førerang i vaksinekøen samstundes som regjeringa avbryt læraranes streik på eit tynt grunnlag når dei ynsker det same.

Det er mykje som må klaffe skal Erna Solberg få halda fram som statsminister. For dei raud-grøne er det derimot mange mogelege samansettingar. Så kvifor skal du stemme på nettopp Raudt når eit regjeringsskifte verkar nesten garantert? Raudt bør få stemma di fordi vi er ein garantist for at det faktisk blir ei reell endring. Vi vil halde ei ny raud-grøn regjering ansvarleg om dei går tilbake på sine vallovnadar og passe på at dei ikkje berre blir ei vidareføring av dagens politikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

For best å kunne vere denne vaktbikkja i norsk politikk, treng me fleire representantar på Stortinget. Raudt ligg og balanserer rundt sperregrensa, og kjem me over den, har det mykje å seie for kor mange me får inn. Med berre éin representant på Stortinget, har Raudt fått til ting som mistillitsforslaget mot justisminister Sylvi Listhaug og å auke dagpengane for dei som har blitt arbeidsledige under pandemien. Tenk kva me kan få til om Bjørnar Moxnes får med seg Sofie Marhaug og ein gjeng andre Raudt-representantar frå heile landet.

I tillegg til å vere Stortingets vaktbikkje, er Raudt si hovudsak kampen mot forskjells-Noreg. Tryggleiken, velferda og det sterke fellesskapet Noreg har bygd, er truga av aukande forskjellar og privatisering. Heilt sidan 80-talet har forskjellen auka, og medan dei rikaste blir rikare, aukar talet born som veks opp i fattigdom. Motstanden mot forskjellane handlar ikkje om misunning på dei rikaste, men det at forskjellar svekkjer folkestyret, tilliten mellom folk og den enkelte sine moglegheiter.

Utanom kampen mot forskjells-Noreg, er Raudt for eit rettvist arbeidsliv, ein rettvis miljøpolitikk og for profittfri velferd. Ynskjer du å vere med på å skape ei faktisk endring i norsk politikk, så stem Raudt i valet denne hausten.

Jon Peder Grønsveen Opsahl

Raudt Bjørnafjorden