Ikke riktig: I ei undersøking svarar 1 av 3 at dei ville sjekka puls eller lagt personen i stabilt sideleie. Det er vel og bra, men ikkje riktig.

Ring 113!

Kva er det viktigaste du kan gjere når nokon fell om og du ikkje får kontakt med vedkomande?

I ei undersøking svarar 1 av 3 at dei ville sjekka puls eller lagt personen i stabilt sideleie. Det er vel og bra, men ikkje riktig: Det aller viktigaste du kan gjere i ein akutt situasjon, er å ringje 113 med ein gong.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse gjennomfører Akuttaksjonen no før påske. Målet er å gjere nordmenn flinkare til å handtere akutte situasjonar. Når flest mogleg veit korleis dei skal reagere i ein akutt situasjon, blir det tryggare for oss alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kamera: No kan operatøren på 113-sentralen bruke ditt mobilkamera til å få oversikt over situasjonen, og gje råd og hjelp om riktig handtering til hjelpa kjem fram.

Når du ringer 113, får du snakke med erfarent personell, som hjelper deg til å ta dei riktige og livreddande grepa fram til hjelpa kjem. No kan også operatøren på 113-sentralen bruke ditt mobilkamera til å få oversikt over situasjonen, og gje råd og hjelp om riktig handtering til hjelpa kjem fram. Denne funksjonen blir no tilgjengeleg for stadig større delar av landet.

Takk vere støtta frå våre 260 000 støttemedlemmar, har Norsk Luftambulanse kunna utvikle ei slik videoløysing, og gitt den i gåve til det offentlege helsevesenet hausten 2021.

Ved årsskiftet var det allereie gjennomført 50 000 videosamtalar. Dette er eit godt eksempel på at eit samarbeid mellom det offentlige og ideelle organisasjonar styrkar akuttberedskapen i Noreg.

For som vi seier: Ingen reddar liv åleine. Difor er det viktig å hugse på dette: Dersom du kjem til ei ulykke eller opplever at nokon blir akutt sjuke, og du blir redd for at liv eller helse er i fare: "Ikke vent og se – ring 113".

Veronica S. Halhjem

Regionrådsmedlem

Stiftelsen Norsk Luftambulanse