Elskar vatn: Champo Miyambo bur i landsbyen Kasalaulo i Zambia saman med 1.753 andre. Champo elskar vatn, derfor passar det henne perfekt at ho berre kan gå nokre meter bort til vasspumpa.

Saman for reint vatn. For andre.

Aldri før har reint vatn og såpe vore så viktig som under pandemien. Hjelp Kirkens Nødhjelp å byggje fleire brønnar og redde fleire liv.

I desse dagar gjer kyrkjelydane i Bjørnafjorden seg klare til å vere med å forandre. For andre.

Det gjer vi gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 21. – 23. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då heile verda i fjor hamna i krise, kom mange års erfaring, kunnskap og arbeid med vatn, godt med. På rekordtid kunne Kirkens Nødhjelp byggje handvaskstasjonar, køyre ut vassbilar og drive opplæring i hygiene for å førebyggje sjukdom og covid-19-viruset.

Fleire land møter no si andre bølgje av pandemien. Vi har sett Malawi grave massegraver, sjukehus fyllast opp og land stengjast ned.

Sett mange tiår tilbake

Covid-19-viruset bryr seg ikkje om flom og tørke, om folk er på flukt frå uro i Tigray eller har flykta frå konfliktar i Kongo. Det bryr seg ikkje om at folk manglar vatn, mat eller ein stad å bu.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon handlar om å gje reint vatn til menneske i naud. Vatn forandrar liv. I eit halvt århundre har norske kyrkjelydar, gjennom Fasteaksjonen, strekt ut ei hand til menneske i naud.

Må stå saman

Pandemien har verkeleg vist oss verdien av å stå saman når krisa rammar. Både her heime og i landa der Kirkens Nødhjelp arbeider. For medan store delar samfunn har vore stengt ned, har Kirkens Nødhjelp kome fram med hjelp, takka vere gode samarbeidspartnarar på bakken.

I årets aksjon møter vi fem år gamle Champo og familien hennar i landsbyen Kasalaulo i Zambia, der ein vasspost har endra livet til innbyggarane. Tidlegare henta folket vatn i ei elv nær landsbyen. Mange var då sjuke som følgje av ureint vatn.

For to år sidan fekk dei vass-stasjon i landsbyen og folket kan no hente reint vatn når dei vil. Vatnet har vore ekstra viktig i førebygginga av pandemien. Reint vatn forandrar liv – på meir enn éin måte. Vi treng reint vatn å drikke, men vi treng òg reint vatn for å halde oss reine og hindre spreiing av sjukdomar. Grundig handvask med såpe og reint vatn er faktisk ein av dei billegaste måtane å redde liv på.

Fasteaksjonen 2021

Vi håpar at alle i Bjørnafjorden vert med på dugnaden som startar no – nemleg Fasteaksjonen 2021. Aksjonen er nasjonal – men den er også vår internasjonale hjelpande hand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein global pandemi krev solidaritet og handlekraft. Saman kan vi forandre. For andre.

Ung dugnad

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein dugnad for rettferd. Konfirmantar og frivillige medhjelparar nyttar fastetida til å hjelpe dei som treng det mest.

Både i Fusa sokn og i Os sokn er innsamlingsaksjonen i år digital. Kyrkjelydane har allereie oppretta sine eigne elektroniske bøsser, der vi oppmodar folk om å gje pengar, og dele bøssa vidare til andre.

Allereie no kan vi stø aksjonen med å gje ei gåve, lita eller stor, alle monnar drar, og 250 kr er nok til å gje eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet. Bli med! Forandre. For andre.

Sei ifrå

Dei fattigaste i verda har bidrege minst til klimaendringane, men opplever dei verste konsekvensane. Det er dønn urettferdig.

Vi kan ikkje endre på det som er gjort, men vi kan gjere noko for å skape ei rettferdig framtid. Vi meiner at Noreg må ta klimaansvar og auke støtta til klimatilpassing i utviklingsland betrakteleg slik at fleire får tilgang på reint vatn.

I Fasteaksjonen kan du bidra ved å signere på Kirkens Nødhjelp og Changemaker sitt opprop på fasteaksjonen.no.

Kristine Fjeld

Artikkelen held fram under annonsen.

Kyrkjeverje