Sjølve bilen: Har du med deg mange i bilen, så vert det no billegare enn før. Det er også gratis å ta ferja utan å ha med seg bilen. Det er altså sjølve bilen som har blitt dyrare å ta med på ferja.

Send rekninga der ho høyrer heime

Miljøvennlege, trygge løysingar som folk har råd til, burde vera fasiten. Nett no er ferjene for dyre og vegane for dårleg rassikra.

Mikal Leigland er uroa for auke i ferjeprisene og Terje Søviknes skuldar på overambisiøse klimamål på fylkesnivå. Men kvifor har det vorte så dyrt?

Etter innføringa av Autopass har det vorte dyrare for pendlarar som er åleine i bilen. Medan passasjerar har vorte gratis. Har du med deg mange i bilen, så vert det no billegare enn før. Det er også gratis å ta ferja utan å ha med seg bilen. Det er altså sjølve bilen som har blitt dyrare å ta med på ferja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har momsen på kollektivreiser, både buss og ferje, auka frå 10% til 12%. Fylket har også arva ein heil del slitne riksvegar som vart gjort om til fylkesvegar, og fylket slit med omfattande vedlikehaldsetterslep og mangel på rassikring. Som Leigland, uroar også Dei Grøne seg over prisauka på ferjene. Ei auke som kunne vore unngått om regjeringa faktisk tok ansvar for distriktsutvikling og tenkte på meir på heilskap enn på prestisjeprosjekt i samferdslepolitikken. Ein kunne jo tenka at spesielt samanslåtte kommunar burde fått litt drahjelp til å fungera godt.

Det er innføringa av Autopass, og ikkje investeringane i nullutsleppsferjer, som har vore med å driva ferjeprisene opp. Autopass vart innført på oppmoding frå staten. Men fulgte det pengar med? Nei.

Det er altså ikkje ambisiøse miljøtiltak som har gjort ferjene dyrare. Men sidan Søviknes er uroa for at miljøtiltak skal vere fordyrande for folk, så kan vi jo beroliga med at det er mogleg å finna gode løysingar om ein har politisk vilje.

I Dei Grøne sitt alternative statsbudsjett foreslår vi å senka kollektivprisane, inkludert ferje og hurtigbåt, med 20% over heile landet. Det er opplagt for oss i MDG at prestisjeprosjekt på veg ikkje kan prioriterast. Vi må først ha på plass trygge og miljøvenlege løysingar som folk har råd til å nytta.

Det er også slik at Noreg har forplikta seg til å få ned klimagassutsleppa sine. Vestland fylke har ein ambisjon om null utslepp i 2030. Betre ferjer er ikkje symbolpolitikk, for ferjer er svært store utsleppskjelder. Kostnaden for klimatiltak vart altså ikkje lagt på ferjebilletten, den tok fylkeskommunen. Staten kom med ei hjelpande hand til betre hurtigbåtar, men følgjer ikkje skikkeleg opp med pengar til ferje, korkje til klimareduksjon eller til endra prisstruktur grunna Autopass.

Dette er ei investering i framtida, i ei naudsynt omstilling. Det er grøn næringsutvikling. På Vestlandet har vi kjempekompetanse på båt, hav, elektrisitet, offshore og teknologi. Det er dette som er vårt konkurransefortrinn i verda i dag. Vi må byggja opp nye, grøne næringar, og vi vil ha dei her. Då må vi også ta i bruk og testa teknologien som i framtida kan bli eksportnæring for oss.

Vi må ha ein slutt på at regionane får nye oppgåver utan at det følgjer penger med. Å få til grøn omstilling og gode teknologiske løysingar, er i hovudsak eit spørsmål om kva ein vel å satsa på. Prioriteringar nasjonalt, gjer seg gjeldande lokalt. Det er dette kystfolket kjenner i lommebøkene no.

Nils-Anders Nøttseter

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne