Viktig: Det er viktig at bak samfunnskritiske endringar må det liggja føre risikovurderingar og samfunnsøkonomiske analyser.

Sentralisering av skatteoppkrevarkontor gjev tapte skattekroner

Sentraliseringa held fram – kva er det eigentlege målet ?

Regjeringa foreslår å leggja ned dagens 227 kommunale skatteoppkrevarkontor og overføra skatteoppkrevinga til 56 regionale skattekontor.

Dette vil ramma både kommunane og innbyggjarane:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vil innebera dårlegare rettssikkerhet for innbyggjarane over heile landet, og særleg ramma svake grupper

- Stor risiko for reduserte skatteinntekter.

Det har ikkje blitt foretatt noko nye utgreiingar sidan saka var oppe sist i 2015. Forslaget er ikkje betre begrunna no.

Det er viktig at bak samfunnskritiske endringar må det liggja føre risikovurderingar og samfunnsøkonomiske analyser.

Statleggjering av skatteoppkrevinga vil føra til ei massiv sentralisering med kutt både i årsverk og det å vera til stades for innbyggjarane lokalt i kommunane.

Dette vil kunna leggja til rette for større grad av arbeidslivskriminalitet.

Samspelet mellom lokalt næringsliv og eit lokalt kontor er ein avgjerande faktor for gode resultat.

Dagens skatteinnkreving er i verdensklasse, og dei kommunale skatteoppkrevarane har best måloppnåing av alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Muligheten for lokalt skjønn innafor lovens rammer er eit viktig bidrag til dagens gode resultater.

Forbetringspotensialet er svært begrensa, og risikoen for provenytap tilsvarande større.

Dei kommunale skatteoppkrevingskontora oppnår betre resultat enn dei statlege, også når det gjeld tilgjengelegheit, kundebehandling, sakshandsamingstid, informasjon og føreseieleghet.

Derfor er det ingen grunn til å endra dagens modell med kommunal skatteoppkreving.

Erfaringer frå Danmark viser at sentraliseringa har kosta danske skattebetalarar dyrt.

Skatterestansane har auka kvart einaste år sidan staten overtok i 2005, frå 50 mrd. I 2006 til 118 mrd. danske kroner i 2018.

Regjeringa sitt framlegg er ein stor, risikabel og irreversibel reform. Det blir forventa at det blir gjennomført ein samfunnsøkonomisk analyse og risikovuderingar før ei evt. endring blir vurdert.

Atle Kvåle (Ap )

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar

Fusa kommune