Betre til rette: Frå naturen si side ligg det betre til rette for sikker veg frå området ved Kalven-krysset og vidare direkte til tømmerkaien (industriområdet).

Sjå på tilkomstvegen til næringsområdet på Samnøy på nytt

Eg ber om at utbyggjaren atter ein gong ser på tilkomstvegen til indsutriområdet på Samnøy.

Den 9. juni 2020, hadde underteikna eit innlegg om vegen til Samnøy næringsområde, og hadde rekna med at innbyggjarane i området hadde kome med verdfulle innspel til utbyggjaren.

Men det ser ut til at alle aksepterer at vegen held seg langs eksisterande trasé (Holsundvegen), med nedstigning frå butikken til sjøen - forbi skulen og til ein dyr tunell før ein kjem fram til industriområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå naturen si side ligg det betre til rette for sikker veg frå området ved Kalven-krysset og vidare direkte til tømmerkaien (industriområdet). Ein vil då koma på langs av terrenget, rett nok må der lagast ei bru, men ho kan bli kort ved at ein lagar fyllingar på begge sider.

Då det ser ut til at utbygginga dreg ut i tid, ber eg om at utbyggjaren atter ein gong ser på tilkomstvegen, og tek fordelane for busetnad, strekkja butikken-sjøen og trafikken forbi skulen med i vurderinga.

Gudleik Østerbø

Ps: Få bort hekken langs vegen ved Samnøy. Han er ei stygg trafikkfelle som har vore der i mange år.