Har tillit: Vi i Arbeidarpartiet har tillit til formannskapet som økonomiutval, og til at dei gjer vedtak til det beste for oss som innbyggjarar i denne kommunen

«Sløseriutvalet» bryt med noko heilt grunnleggjande i samfunnet vårt

Forslaget viser direkte mistillit mot ein organisasjon som har lukkast i å omstilla seg i tronge tider.

Frp Høgre, MDG og uavhengig Magne Djuvik oppretta i kommunestyret den 12. mai utvalet Prosjekt økonomisk handlefridom. Utvalet skal leiast av Frp og Høgre som stiller valliste saman med MDG.

Mandatet til utvalet ligg tett opp mot formannskapet som er kommunen sitt økonomiutval. Fleire av politikarane sit i både utvalet og formannskapet. I 2021 vedtok kommunestyret å leggja ned tre utval for å spara pengar. Det er difor merkeleg å oppretta eit nytt utval med same funksjon som formannskapet. Eit utval kostar både tid og pengar. Møtegodtgjersle til politikarane og løn og tid for ein administrasjon som allereie er pressa, og sikkert kunne nytta tida til å tena innbyggarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ka e’ vitsen?
Les også
– Eg oppfattar det nærmast som ei mistillit til administrasjonen

Samstundes bryt utvalet med noko heilt grunnleggande i samfunnet vårt: Tillit. Vi i Arbeiderpartiet har stor tillit til administrasjonen og dei tilsette i Bjørnafjorden kommune, og dei har vist seg den verdig. Dei tilsette i kommunen har høg kompetanse, stå-på-vilje, og viktigast av alt: Dei leverer resultat. Gode resultat. Berre sjå til Bjørnafjorden 22, og innsparingane på 80 millionar som dei klarte å gjennomføra, eller det fantastiske overskotet i det økonomiske uåret 2021.

Vi i Arbeidarpartiet har tillit til formannskapet som økonomiutval, og til at dei gjer vedtak til det beste for oss som innbyggjarar i denne kommunen, og vi har tillit til politisk leiing ved ordførar Trine Lindborg. Ho har styrt med stø kurs og snudd nedgang til oppgang.

I dag bur me i ein servicekommune, der kommunen på mange måtar er ein tenesteytar for innbyggjarane. Innbyggjarane bestiller ei vare og får ho levert. Slik har ein drive butikk i mange år, men vi ser no at samfunnet vårt og Noreg er på veg mot ein ny måte å driva kommune på – i tråd med KS sine anbefalingar. Der kommunen skal vera ein arena for samskaping som lagar løysingar i fellesskap med innbyggarane. Då er ikkje løysinga meir politisk detaljstyring, og å gå tilbake til utviska linjer mellom politikarar og administrasjon og ei dårleg rolleforståing blant enkelte politikarar som gamle Os var så kjent for.

Les også
Frp, H og Djuvik lanserer innsparingsprosjektet «Økonomisk handlefridom» i sitt budsjettforslag
Les også
Når ein peikar på andre, peikar tre fingrar på ein sjølv

Det er nye tider, og det som krevst for å få kommunen inn i framtida er meir tillit. Tillit til at innbyggarane engasjerer og involverer seg for å skapa ein betre kvardag for seg sjølv og andre, tillit til at frivilligheita og dugnadsånda framleis står sterkt, tillit til at næringslivet støttar opp og ikkje minst: Tillit til at administrasjonen og kommunen sine tilsette klarar oppgåvene sine.

Prosjekt økonomisk handlefridom er det motsette av dette. Representant Søviknes som sit i hovudstyret til KS opprettar no eit utval som er stikk i strid med KS sine eigne anbefalingar om styring basert på tillit. Forslaget viser direkte mistillit mot ein organisasjon som har lukkast i å omstilla seg i tronge tider.

Kommunestyregruppa til Ap