Si løysing: Me er klar over den krevjande situasjonen Bjørnafjorden kommune er i økonomisk. Den må finna si løysing.

Som alle andre, har dei som bur i bufellesskapet behov for ein god bustad og meiningsfull aktivitet på dagtid

Hellemyra bufellesskap har ein bygningsmasse som sårt treng ei oppgradering.

Det bør òg greiast ut om det snart er på tide å utvida tilbodet til bebuarane. Som alle andre menneske, har dei som bur i bufellesskapet behov for ein god bustad og meiningsfull aktivitet på dagtid. Partiet De Kristne i Bjørnaforden (PDK) meiner dette er ei viktig sak som partiet vil prioritera i tida framover.

Me er klar over den krevjande situasjonen Bjørnafjorden kommune er i økonomisk. Den må finna si løysing. Det å planlegga oppgradering, utviding av bygget på Hellemyra og evt nye aktivitetar vil ta tid. Partiet De Kristne meiner difor at dette planleggingsarbeidet må koma i gang så snart som råd. Både dei som bur på Hellemyra og dei som jobbar der, fortener det.

Artikkelen held fram under annonsen.

På sist møte i kommunestyret utfordra underteikna Råd for menneske med nedsett funksjonsevne om å ta tak i denne saka. PDK gjentek oppmodinga til rådet om å ta tak i saka.

Det er for tida to kommunale bygg i nærleiken (tidlegare brannstasjon og ungdomsskule). Det meiner PDK aktualiserer å ta tak i denne saka no.

Magne Djuvik

Leiar

Partiet De Kristne Bjørnafjorden