Treng ei vaktbikkje: Når lokalpolitikarane blir for slepphendte med dispensasjonane, særleg i den verna strandsona, treng vi ei vaktbikkje som kan ivareta lovverket.

Som eit gufs frå fortida - svar til Ole Haakon Lunde

Det var som eit gufs frå fortida å lesa Ole Haakon Lunde sitt debattinlegg i Os & Fusaposten 17. mars.

Han fryktar tydelegvis, som Øyvind Tøsdal før han, at Bjørnafjorden skal bli meir restriktiv i plan- og byggjesaker. Eg var saksbehandlar hjå fylkesmannen då Lunde var formann i Os bygningsråd. Nokre av sakene som kom derifrå, hoppa galant bukk over saksbehandlingsreglane i plan- og bygningslova.

Les også
Bjørnafjorden kommune – ja- eller nei-holdning?

Saksbehandlingsreglane er der for ein grunn. Dei skal ivareta demokratiske omsyn, innbyggjarane sin medverknadsrett og faginstansane sin rett til å bli høyrde. Alle kan ikkje få viljen sin, men alle har rett til få vurdert sine synspunkt. Då får ein dei best grunngjevne resultata. Det er felleskapet sine verdiar vi forvaltar gjennom plan- og bygningslova.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Er Bjørnafjorden kommune blitt ein nei-kommune?

Eg hugsar spesielt då bygningsrådet ville tillata bygging av hotell ved Blindasundet/Lepsøy på dispensasjon. Dette var nok eit av dei grovaste tilfella av avvik frå plan- og bygningslova eg såg i min karriere hjå Fylkesmannen.

Samstundes var det ei av mine første saker, og eg ville behandla den grundig. Men det var umogleg å ikkje gje medhald i klagen over dispensasjonsvedtaket. Slike store tiltak i strandsona krev sjølvsagt reguleringsplan.

Les også
Nei Tøsdal, berre nei

Ein kan diskutera om Fylkesmannen har for stor makt i plan- og byggjesaker, sidan det ikkje er eit folkevald organ. Men når lokalpolitikarane blir for slepphendte med dispensasjonane, særleg i den verna strandsona, treng vi ei vaktbikkje som kan ivareta lovverket. Og vi vil jo helst følgja lova, vil vi ikkje?

Ståle Øvrebø

Jurist