Vil hindra flytting: Statsforvaltaren vil driva ein politikk som hindrar at både ungdom og eldre frå Bergen flyttar til nabokommunane. Han vil i staden at dei skal busetja seg i høgblokker langs Bybanen.

Statsforvaltaren ser ikkje konsekvensen av «Nei-politikken» han prøver å påtvinga Bjørnafjorden

Det er ille å vera vitne til korleis Statsforvaltaren, under dekke av å etterkoma såkalla regionale og statlege føringar og retningsliner, kan vera i ferd med å hindra Søre Øyane i å utvikla seg og framleis vera det levande lokalsamfunnet det er i dag.

Det verste er at Statsforvaltaren kanskje har meiningsfellar sentralt i politikken i Bjørnafjorden. Diverre er det berre leiar i Plan, Bygg,- og Miljøutvalet, av dei som no dannar fleirtalskoalisjonen i utvalet, som har røynsle med å vera med og ta avgjerder i plan -og arealsaker.

No kan det vera fare for at politikarane vel å følgja dei utrulege innspela Statstforvaltaren kjem med i brev av 25.03.21 til Bjørnafjorden kommune, knytte til rullering av kommunedelplanen for Bjørnafjorden Vest, og såleis gjera vedtak dei heilt sikkert kjem til å angra på, og som ikkje er til beste for Bjørnafjorden Vest eller dei einskilde krinsane.

Det er mogleg at eg er for skarp i tonen no, men det er viktig at politikarane ser samanhengen mellom politiske vedtak og korleis kommunen vår utviklar seg. Statsforvaltaren vil ikkje vera med og gjera Bjørnafjorden kommune til ein god kommune å bu i. Han vil driva ein politikk som hindrar at både ungdom og eldre frå Bergen flyttar til nabokommunane. Han vil i staden at dei skal busetja seg i høgblokker langs Bybanen. Det er Byvekstavtalen som gjeld for Statsforvaltaren. Følgjer ein ikkje Byveksavtalen, undegrev ein bustadpolitikken i Bergen.

Søre Øyane

Eg vil som eit døme, som illustrerer den feilslåtte arealpolitikken Statsforvaltaren prøver å påtvinga Bjørnafjorden kommune, gå nærare inn på tilhøva i Søre Øyane.

Statsforvaltaren vil ta ut byggeområde på Røttinga fordi det blir for langt å gå til nærsenteret, som i praksis er Bunnprisbutkikken på Vedholmen. Når ein ikkje går på ti minutt, så kan ein jo sykla, men det er heller ikkje godt nok.

Både kravet om bussfrekvens på ti til femten minutt i rushtida, og kravet om maksimum ti minutts gange til nærsenteret, skal vera oppfylte før ein kan byggja utanom senterområdet i Øyane.

Eg finn korkje ord eller utrykk for å fortelja kor gale eg synest Stasforvaltaren sine krav er.

Byggeområda han vil ta ut i Søre Øyane, er til dels regulerte. Tomter i feltet Stølshaugen på gnr 29, bnr 5,m.fl. er frådelte, og ungdom frå Øyane har kjøpt tomter for å bygga ein god og trygg heim. Dette vil Statsforvaltaren hindra under dekke av Byvekstavtalen, arealpolitiske retningsliner, FN sine klimamål osb..

Vil Statsforvaltaren heller at ungdom og eldre skal busetja seg rundt Osøyro fordi der kan bussfrekvensen faktisk bli ti til femten minutt i rushtida? Skal mange av dei som arbeider i Øyane, og som ønskjer å bu der, køyra frå Osøyro og bruka ti til femten minutt i bil for å koma på arbeid i Øyane framfor å kunna gå på ti minutt til arbeidsstaden sin?

326 arbeidsplassar i Søre Øyane

Statsforvaltaren er heilt sikkert ikkje klar over kor mange arbeidsplassar det er i Øyane. Det må jo vera langt betre å kunna byggja og bu i nærleiken til arbeidsplassane, og gå eller sykla til arbeid, enn å bli pressa vekk frå Øyane, fordi du ikkje kan gå til butikken på ti minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye fiskeforedlingsfabrikken i Gjelevika, Inka AS, har eitt hundre og fem arbeidsplassar. Frå området Statsforvaltaren vil ta ut på Røttinga, er det rundt to minutt på sykkel og rundt fem til ti minutt å gå til arbeidsplassen hos Inka AS.

At du skal få lov å bu slik at du kan gå eller sykla til arbeidsplassen, betyr visst ikkje noko for Statsforvaltaren, så lenge det ikkje går buss kvar tiande til femtande minutt i rushtida. Skjønar de kor gale det er?

Søre Øyane er nok den krinsen i Os som har flest arbeidsplassar i høve til folketalet.

Inka As er alt nemnd med eitt hundre og fem. Søre Øyane Grendalag Naturbarnehage, som ligg i fem minutt gangavstand frå området Statsforvaltaren vil ta ut, har tjue tilsette og sekstitre barn i barnehagen.

Skulen i Søre Øyane har tjue tilsette og treng elevar for at det ikkje skal gå med han som med Hegglandsdalen skule.

Bunnpris i Øyane har femten tilsette. Inglaug Brimsholm og medarbeidarane hennar står på seint og tidleg for å gi eit godt og konkurransedyktig tilbod til alle som bur i Øyane og til hyttefolket, som også er ein viktig del av kundegrunnlaget for nærsenteret i Øyane.

J. Garvik AS, som driv havfiske, har femten tilsette. Dales Rederi AS har fjorten tilsette. Mecmar AS, som driv ei verdsleiande internasjonal verksemd innan reduksjon av utslepp av klimagassar i form av prosjektering av eksosanlegg for skip i alle storleikar, har seks tilsette. Dei har spesialisert seg på eksosanlegg for militære farty.

Kongshaug Musikkgymnas ligg i gangavstand til nærsenteret og har førtiseks tilsette. Samba Marin AS, som driv med arbeid knytt til sjø, har sytti tilsette. Byggmester H. Røttingen AS har tre personar i arbeid. Minst ni personar frå Øyane arbeider med og har inntekta si frå fiske frå sjark.

Vedholmen Galleri har ein tilsett og fleire ved opning av nye utstillingar.

Samla gir opplistinga mi oversyn over meir enn tre hundre og tjueseks arbeidsplassar i Øyane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette har nok ikkje Statsforvaltaren teke omsyn til i iveren etter å hindra bygging i Øyane.

Må få utvikla seg

Søre Øyane er eit fantastisk lokalsamfunn som må få lov å utvikla seg også i framtida. Det må framleis kunna vera grunnlag for barnehage, skule, nærsenter, idrettslag og andre lag og organisasjonar.

I Øyane er det godt tilrettelagt for turar til fots, også for rullestolbrukarar. Laurdagar og søndagar, og sjølvsagt kvardagar, er det mange turgåarar som tar turen på turstigen gjennom Elvedalen.

Det vil vera ille dersom Statsforvaltaren, under dekke av Byvekstavtalen m.m., skulle klara å lokka politikarane til å bita på argumenta han brukar for å stansa utbygging i Øyane.

Arbeidstakarane i Søre Øyane må få lov til å busetja seg nær arbeidsplassen sin og vera med å stø oppunder nærsenteret og vera med og redusera klimagassutleppa ved å kunna gå til arbeid framfor å måtta køyra lange vegar fordi det ikkje er tilgjenglege bustadtomter i Øyane.

Statsforvaltaren har tilsynelatande totalt fråverande kunnskap om Søre Øyane. Manglande lokalkunnskap, og nær sagt fanatisk styringskåtskap, fører til at han vil stansa utbygging.

Må ikkje øydeleggja

Politikarane i Bjørnafjorden må ikkje øydelegga slike gode lokalsamfunn.

Dersom dei no går i fella til Statsforvaltaren, og stoppar grunnlaget for levande krinsar i Bjørnafjorden, er det nokon som ikkje har forstått at Bjørnafjorden Vest er bygd opp med ein krinsstruktur, som no kan bli øydelagt under dekke av for lang gangavstand til nærsenteret og for låg bussfrekvens i rushtida.

No må politikarane visa at sjølvråderetten for kommunane, når det gjeld arealplanlegging lokalt, også gjeld i Bjørnafjorden.

Øyvind Tøsdal

Artikkelen held fram under annonsen.