Vert øydelagd: Grunnlaget for levande lokalsamfunn vert øydelagt av Statsforvaltaren med sitt negative syn på bygging.

Statsforvaltaren vil stoppa vidare utbygging i Øyane

Tenk at det levande og trygge lokalsamfunnet i Nore Øyane ikkje lenger skal ha lov til å ta i mot fleire nye unge familiar som vil byggja og busetja seg der.

Statsforvaltaren i Vestland har i brev til Bjørnafjorden kommune den 25.03.21 kome med tilbakemelding til utkast til kommunedelplan for Os-delen av Bjørnafjorden kommune.

Heile brevet gir uttrykk for at no skal bustadbygging i Os, no kalla Bjørnafjorden Vest, som ikkje skjer i senterområda, stoppast. Kun 10% av bustadbygginga i Bjørnafjorden Vest kan skje utanom senterområda. Senterområda skal gjerast mindre, og nye bustadområde skal ikkje inn i planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje nok med at det ikkje skal inn nye bustadområde i planen. Statsforvaltaren vil også at ein skal føra ferdig regulerte område tilbake til å vera LNF-område. Resultatet av år med kommunal og privat planlegging og politiske vedtak skal berre gløymast og planar skrinleggjast.

Byvekstavtalen brukt som argument

Argumentet Statsforvaltaren gjennomgåande nyttar, er at utbygging vil vera i strid med måla i Byvekstavtalen, fremja auka bilbruk og føra til at klimamåla med redusert ureining frå Co2- utslepp frå bilar ikkje blir nådde.

Eg skal ikkje bruka mange ord på Byvekstavtalen her, men berre nemna at det slett ikkje er spørsmål knytte til ureining som gjer at Statsforvaltaren prøver å hindra utbygging og vekst i Os. Byvekstavtalen er vist til fjorten gonger i brevet frå Statsforvaltaren, og ikkje éin gong er avtalen vist til i positiv forstand.

Det viktigaste med Byvekstavtalen er å ha ein avtale som hindrar utflytting frå Bergen til omengskommunane.Ved å hindra utflytting til nabokommunane, kan Bergen driva sin utbyggingspolitikk utan å mista unge familiar ut av Bergen.

Statsforvaltaren skriv i klartekst på side 4 og 5 i brevet av 25.03.21. «Vi finn det riktig å leggja kommuneplanen i Bergen som ei form for mal for neste generasjon overordna arealplanlegging i bergensregionen ved offentleg ettersyn. Viss ikkje vil ein risikera at Bergen kommune sin nye kommuneplan vert uthola av mindre stram arealplanlegging i tilgrensande kommunar».

Bjørnafjorden Vest skal tilpassa si bustadbygging til Bergen sine mål om at all bygging skal skje i sju utpeika knutepunkt langs kollektivaksar og med gangavstand til senterområde.

Krav til kollektivtransport

Statsforvaltaren går så langt at ein ikkje skal få byggja i Os ( Bjørnafjorden Vest), dersom det ikkje er kollektivtilbod innan gangavstand, og der kollektivtilbodet har ein rutefrekvens på minimum 10 til 15 minutt i rushtida.

Statsforvaltaren stoppar i røynda, med eit slikt krav, unge familiar frå å byggja og busetja seg i krinsane. Det er skremmande at ikkje Statsforvaltaren aksepterer at Bjørnafjorden Vest er utbygd med krinsstruktur, der ein både no og i framtida skal ha gode, trygge og levedyktige lokalsamfunn i alle krinsane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når kan ein venta at det vil gå bussar frå Hegglandsdalen, Nore- Neset, Øyane eller Lysefjorden kvart tiande til femtande minutt i rushtida? Svaret gir seg sjølv. Det er kun på aksen Halhjemsmarka-Osøyro-Søfteland det kan vera håp om å nå ein så høg rutefrekvens i rushtida.

Gløym dei andre krinsane! Der skal ikkje byggjast fordi det ikkje er, eller vil bli, grunnlag for rutefrekvensen Statsforvaltaren krev for å godkjenna utbygging. Sjølv om aksen Halhjemsmarka-Søfteland er den einaste realistiske strekninga å oppnå krevd rutefrekvens for å få byggja ut, vil Statsforvaltaren ta ut utbyggingsområde i Hjellemarka fordi gangavstanden til Søfteland sentrum er for lang.

Det er ikkje nok at det er oppnåeleg å reisa med buss, som har rutefrekvens kvart tiande til femtande minutt i rushtida! Nei, ein skal ikkje ta buss, ein skal gå, og er det for langt å gå, slik at ein må ta buss for å nå eit sentrumsområde, så skal ein ikkje få byggja og bu på staden.

Vil ha ut planlagde og regulerte felt

I tillegg til å krevja ut to planlagde byggeområde i Hjellamarka, vil Statsforvaltaren ta ut byggeområde vest for hovudvegen på Søfteland, vis a vis idrettsbanen.

Statsforvaltaren byggjer ikkje akkurat opp under ønsket om levedyktige nærsentra i krinsane. Bygg gjerne nærbutikk, frisørsalong og andre tenestetilbod, men Statsforvaltaren prøver å svekka grunnlaget for tenestetilboda ved at det berre er folk som kan gå på 10 minutt til nærsenteret som skal få byggja i nærområdet til sentrumsområdet. Det er ikkje nok at ein kan ta buss, ein skal òg kunna gå på 10 minutt. Går du ikkje på 10 minutt, får du heller ikkje byggja på staden.

Statsforvaltaren sitt syn er heilt uforståeleg for underteikna. Statsforvaltaren vil ta ut fine byggjeområde med gangavstand til busstopp, og som er utløyste med infrastruktur som veg, vatn, kloakk og barnehage. Området Statsforvaltaren vil ta ut i Søfteland-krinsen, er område som er særs godt eigna for unge og eldre som ønskjer ein trygg og god stad og bu.

Nore Øyane og Søre Øyane kjem verst ut

Dersom Statsforvaltaren sitt detaljstyringsønske ikkje blir imøtegått av politikarane i Bjørnafjorden, vil det gå verst ut over Søre Øyane og Nore Øyane. Statsforvaltaren skriv i klartekst på side 7 i det omtala brevet : Nore Øyane: «Vidare utbygging i denne delen av kommunen vert bilbasert og i strid med statlege føringar. Det kan difor ikkje opnast for meir bustadbygging på Nore Øyane/Strøno».

Heile tida blir innhaldet i rikspolitiske retningsliner og Byvekstavtalen brukte som argument mot bygging. Kommunen kan ha forrekna seg då kommunen høyrde på Statsforvaltaren, då han etter spørsmål om Byvekstavtalen ville bli brukt mot utbygging i Os, svara at det ville avtalen ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tenk at det levande og trygge lokalsamfunnet i Nore Øyane ikkje lenger skal ha lov til å ta i mot fleire nye unge familiar som vil byggja og busetja seg der.

Når det gjeld Søre Øyane, skriv Statsforvaltaren om dei planlagde felta YFSø6 og YFSø5 som ligg heilt syd på Røttinga : «Ei utbygging slik planen opnar for vil vera i strid med SPR, BATP, SPR for klima og energiplanlegging og klimatilpassing, Byvekstavtale og regional ATP. Ytterlegare fortetting i dei nemnde felta må gå ut».

Kort sagt: Ei utbygging i Søre Øyane i felta YFSø6 og YFSø5 vil vera i strid med det meste, og meir bygging vil ikkje Statsforvaltaren ha. Dersom politikarane i Bjørnafjorden ikkje følgjer innspela som kjem frå Statsforvaltaren, vil han prøva å hindra planlegging om utbygging ved å fremja motsegn til kommunedelplanen for Bjørnafjorden Vest. Når nokre pålegg frå Statsforvaltaren er følgde opp politisk, kjem det nye. Dette er å sjå på som reint maktmisbruk frå ein statleg tenestemann.

Søre Øyane har nettopp fått ein av dei mest moderne fiskeforedlingsfabrikkane i Europa. Saman med fiskebåtreiarlaga i Øyane og fiskeoppdrettsverksemdene i området, gir oppdretts- og fiskerinæringa grunnlag for mange gode og trygge arbeidsplassar. Unge familiar etablerer seg i Øyane. Dei byggjer seg hus og lever trygt og godt i eit levande lokalsamfunn, der det gjennom folkevekst og vekst i næringslivet vert grunnlag for nærbutikk, idrettslag, skule, barnehage og eit rikt organisasjonsliv. Grunnlaget for levande lokalsamfunn vert øydelagt av Statsforvaltaren med sitt negative syn på bygging.

No skal den positive veksten i Øyane bremsast.

Ikkje bra i Bjørnafjorden Vest

Statsforvaltaren vil ta ut eit planlagt byggefelt på Halhjem fordi det ligg for tett opp mot rundkøyringa nord for ferjekaien på Halhjem.

Sjølv meiner Statsforvaltaren at planlegging i Bjørnafjorden Vest skal vera etter mønster frå Bergen, med bygging nærast mogleg opp til hovudtrafikkårer.

Sjå korleis det er bygd ut ved innkøyringa til Lagunen og på Paradis. Er det slike dei unge familiane som vil byggja på Halhjem eller Øyane, skal bu? Eg berre spør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarane må vera kritiske til Statsforvaltaren sine tilbakemeldingar til utkast til kommuneplanen for Bjørnafjorden Vest.

Sjølvsagt er det ønske om å få rullert arealplanen, med det er betre at Bjørnafjorden kommune satsar på å styra sjølv, framfor å underkasta seg Statsforvaltaren fullt og heilt for å få til ei rask godkjenning av kommunedelplanen for Bjørnafjorden Vest. Ein kommunedelplan som ikkje er til beste for innbyggjarane i Bjørnefjorden, men som er med og byggjer opp under Statsforvaltaren og Bergen kommune sitt ønske om at barnefamiliar skal bli verande i Bergen og ikkje flytta til nabokommunane, sjølv om livskvaliteten ville blitt mykje betre i nabokommunane enn i Bergen.

Det er ikkje Statsforvaltaren som bestemmer. Han kan uttala seg og gje faglege råd, men kommunen kan sjølvsagt gjera andre vedtak enn det Statsforvaltaren ønskjer, og heller ta ekstrarunden med mekling etter motsegn, og få avgjort saka i departementet.

Øyvind Tøsdal