Samling: Måndag kveld var rett i overkant av 100 personar i alderen frå ungdom til godt oppi pensjonistenes rekker, samla.

Store ringverknader for bygdene ved nedlegging av barneskulen

Ei skulenedlegging kan skada ein positiv vekst i denne delen av Bjørnafjorden.

Måndag kveld var det på Ådlandsfjorden barneskule samla rett i overkant av 100 personar i alderen frå ungdom til godt oppi pensjonistenes rekker frå bygdene i Nore Fusa.

Ungdomslaget Samhald, Holmefjord- og Bogøy bygdeutval saman med FAU på Ådlandsfjorden barneskule, hadde invitert bygdefolk, næringsliv og politikarar til ope bygdamøte om mogleg skulenedlegging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møtet vart leia av Victoria Tverli Dale.

Dei frammøtte var samla rundt fleire bord i gymsalen og vart utfordra gruppevis til å "svara ut" nokre opne spørsmål. Det vart notert på papir, og deretter las nokre av gruppene opp svara i plenum.

Engasjementet var stort der tre spørsmål/utfordringar vart stilte til dei frammøtte i tre bolkar.

Ei stikkordsmessig oppsummering følgjer her:

1. Konsekvensar ved skulenedlegging?

• Skulen er ein stor del av identiteten til bygdefolket: Mistar ein sentral samlingsstad

• Mindre aktivitet som normalt er knytt til skulen: Idrettslaget, 17. mai feiring og aktivitetsdagar

• Bygdene skapar samhald og aktivitet gjennom skulen

Artikkelen held fram under annonsen.

• Nærleik skaper tryggleik

• Dugnadslysta vil bli svekka

• Vanskelegare å rekruttera personell til lokalt næringsliv og vidareutvikling av dette

• Lang skuleveg for borna

• Auka kostnader til skuleskyss

• Ingen elevar som kan gå og sykla til skulen

• Lengre dagar og "tidsklemma" rammar fleire

• Lengre avstandar og auka kostnader for å koma til aktivitetar

Artikkelen held fram under annonsen.

• Meir miljøutslepp

• Negativ utvikling for bygdene når det gjeld: Mindre tilhøyrsle, mindre attraktiv for tilbakeflytting, fråflytting

• Nærbutikken kan mista grunnlaget for drift

• Idrettslaget kan verta nedlagt

• Auka einsemd

• Auka sosiale kostnader – eldre som ikkje har familie rundt seg

• Godt arbeidsmiljø i dagens barneskule – sjukefråværet kan auka i større skulemiljø

• Barnehagen kan få færre born

Artikkelen held fram under annonsen.

• Næringslivet vil bidra mindre til utvikling av nærmiljøet

• Ein mister historia i bygdene

• Næringsutvikling fordrar at ein har gode tilbud for busetting i nærmiljø; skule, butikk etc.

• Ei skulenedlegging kan skada ein positiv vekst i denne delen av Bjørnafjorden

• Tap av framtidige skatteinntekter

2. Korleis kan ein skapa ei levande og attraktiv bygd?

• Nr. 1 er å behalda skulen

• Rikt tilbod for alle aldersgrupper

Artikkelen held fram under annonsen.

• Tilgang på ledige bustader og hustomter

• Ungdomsbustader

• Gje løyve til spreidd bustadbygging

• Nøkkelferdige bustader

• Gode bumiljø

• Vidareutvikla frivilligheita

• Framsnakka bygdene

• Vera inkluderande

Artikkelen held fram under annonsen.

• Fleire må nytta lokalbutikken

• Store moglegheiter til ny næringsutvikling i Samnøy næringsområde - lagt til sjø

• Næringslivet treng skulen for å få busett nye tilsette

• Eit godt samarbeid mellom bygdefolk, frivillige org., skule og næringsliv

• Vekst skapar optimisme

• Tilflyttingskampanje i sosiale medium

• Ladestasjon

• Lokalt entreprenørskap

3. Kva kan vi gjera vidare?

• Framsnakka oss sjølve

• Tilretteleggja for fleire bustader

• Engasjera ungdom til idé-myldring

• Skapa fleire og attraktive arbeidsplassar

• Informera og opplysa våre politikarar

• Haustens kommuneval er viktig!

Arve Samnøy

Victoria Tverli Dale