I tråd med retningslinjer: Det går fint an å ynskje meir informasjon, men utgreiingsarbeidet er utført i tråd med retningslinjer og metodar for dei ulike fasane i planprosessen.

Svar om Hordfast til påstandar frå Kurt Oddekalv

I sitt svar til Øyvind Halleraker 28. april kjem Kurt Oddekalv med ein del påstandar om Hordfast, blant anna om Statens Vegvesen sitt arbeid.

Saman med Oddekalv og Miljøvernforbundet sine meiningar, er det også ein del feilaktige påstandar som vi ynskjer å klare opp i. Å vere ueinig i at prosjektet skal realiserast, er greitt nok. Nokre delar av prosjektet er også definisjons- og/eller verdispørsmål, der opplevinga av saka vil vere ulik. Omfanget og konsekvensane av dei naturinngrepa prosjektet vil medføre, er eit eksempel på dette.

Les også
Arbeidet må stanses umiddelbart - svar til Øyvind Halleraker
Les også
– Nei, det skal selvsagt ikke koste 800 kroner å kjøre Hordfast!

Oddekalv påstår at valet av midtre konsept med kryssing av Bjørnafjorden blei gjort på mangelfullt grunnlag, at ein ikkje følgjer målsetting om å unngå og avgrense naturinngrep, samt at kvalitetssikringa av kostnadsanslaga har vore mangelfull. Dette stemmer ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det går fint an å ynskje meir informasjon, men utgreiingsarbeidet er utført i tråd med retningslinjer og metodar for dei ulike fasane i planprosessen. Ei tilleggsopplysning her er at ei omfattande kartlegging av viktige verdiar som natur og kulturminne vil bli vidareført i samband med reguleringsplanarbeidet. Om tiltak for å verne om natur vil – som Oddekalv påstår – medføre «ekstra store kostnader» veit vi ikkje enno, men tiltak som tar omsyn til naturen der vi kan, er viktige sjølv om det kostar pengar.

Det blir også hevda at Hordfast har negativ samfunnsøkonomisk nytte viss ein legg inn den negative påverknaden på naturmangfald, landskap, friluftsområde og kulturminne. Her påstår også Oddekalv at Vegvesenet utelèt såkalla «ikkje-prissette» konsekvensar, og at vi bryt eigne retningslinjer for utgreiing og samanstilling. Det stemmer sjølvsagt ikkje. Hordfast si samfunnsøkonomiske lønsemd er utgreidd korrekt, i tråd med retningslinjene i handbøkene. Omtala av ikkje-prissette konsekvensar er ein del av dette. Modellane og datagrunnlaget vi legg til grunn viser at prosjektet har høg netto nytte, altså at nytten for samfunnet er større enn kostnaden med å byggje, drifte og vedlikehalde veganlegget. Det er samtidig viktig å understreke at dette er modellberekningar, og ingen fasit.

Vidare påstår Oddekalv at kostnadene har vore kraftig undervurderte. Det er heilt rett at prosjektet fekk ein stor kostnadsauke frå konsekvensutgreiinga (KVU) til kommunedelplanen. Samtidig er det viktig å minne om at frå kommunedelplanen vart lagt ut til offentleg gjennomsyn i 2016 og til i dag, har prosjektet jobba med kostnadsreduksjonar. Vi har oppnådd gode resultat, og har no eit betre kostnadsestimat.

Bompengetakstar er eit politisk spørsmål, altså er ikkje reknemetoden Oddekalv viser til ein fasit. Statens vegvesen skal til hausten ha utarbeidd ein analyse som kan danne grunnlag for den politiske diskusjonen om bompengetakstar.

Statens vegvesen skal snart gå i gang med reguleringsplanarbeidet. Vi skal gjere vårt beste for å svare ut spørsmål og informere godt om arbeidet slik at det framleis kan vere ein god samfunnsdebatt kring prosjektet.

Signe Eikenes

Prosjektleiar

Statens vegvesen