Balanse: I tillegg til denne overordna balansen mellom positive og kritiske saker, jobbar me etter klare journalistiske prinsipp om balanserte framstillingar.

Svar til «Kor blei det av lokalavisa mi?»-innlegget

Som lokalavis jobbar me heile vegen for å balansera dei samfunnsoppbyggjande, konstruktive sakene (”gladsakene”) med dei kritiske.

Eg har lese både lesarinnlegget «Kor vart lokalavisa mi av?» og kommentarane i kommentarfeltet på Facebook, og eg er glad for at det er engasjement kring lokalavisa.

Les også
Kor blei det av lokalavisa mi?

Vi som avis sit med makt. Med den makta følgjer det eit ansvar, og då skal det også rettast kritisk søkjelys på jobben me gjer og korleis me fyller den samfunnsrolla me har.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som lokalavis jobbar me heile vegen for å balansera dei samfunnsoppbyggjande, konstruktive sakene (”gladsakene”) med dei kritiske. Me har også som mål at dei kritiske sakene skal vera konstruktive og kunna bidra til ei eventuell positiv endring, og ikkje berre skrivast for kritikken sin del.

I delar av dette ligg det at alle som har makt i eit samfunn, særleg dei som forvaltar skattepengane våre, må finna seg i kritiske spørsmål. Vi gjer det ikkje for å vera vanskelege, men for å gjera jobben vår på vegner av heile samfunnet.

I tillegg til denne overordna balansen mellom positive og kritiske saker, jobbar me etter klare journalistiske prinsipp om balanserte framstillingar av kvar enkelt sak med tilsvar og samtidig imøtegåelse når påkrevd. Det ligg også klare redaksjonelle vurderingar til grunn for kva saker me vel å skriva.

Dette er måla våre, og me er alltid opne for synspunkt og tilbakemeldingar på korvidt me i lesaranes auge lukkast med dette eller ikkje.

Skulle det vera ytterlegare kring Ver varsam-plakaten eller bindingar frå avisa si side (jf. drøfting på Facebook), tek me veldig gjerne imot innspel på dette, slik at me kan få ettergått dette på ein skikkeleg måte.

Jostein Halland

Redaktør

Os & Fusaposten

Artikkelen held fram under annonsen.