Synd: Eg synest det er synd at ordføraren, i staden for å ta tak i problemstillingane som blir reist, heller vel å vaska hendene sine politisk og ikkje ta ansvar.

Svar til «forundra ordførar»

Ordføraren talar direkte mot betre vitande når ho seier at dette ikkje er løfta fram politisk.

Eg ser at ordførar Trine Lindborg er forundra og forstår ikkje heilt kva eg meiner når eg har tatt opp problemet med at det er ein for dårleg kultur til å ta tak i forhold som næringslivet opplever som problematiske i forhold til kommunen.

Les også
Forundra over Aspenes sitt utspel: — Kvifor har han ikkje gjort noko med det før?

La meg først få avklara ein ting om det er uklart for ordføraren; eg tar opp desse problema som politikar og i ombodsrolla mi gjennom dette vervet. Det har ingenting med mi rolle som næringsdrivande å gjera. Av dei 10-15 firmaa som eg næringsmessig er involvert i, er det berre ein svært liten del som har forretningsmessige forhold opp i mot Bjørnafjorden kommune. Så lite som 4-5% av den totale aktiviteten er relatert til kommunen, og heldigvis, i dei tilfella det har vore diskusjonar og usemje, har eg ikkje vore redd for å ta dette opp med kommunen, og forsøkt å finna løysingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik opplever dessverre ikkje mange av dei øvrige næringslivsaktørane som tar kontakt, dette. Dei tar kontakt med oss politikarar og er frustrerte over kommunen, og redde for å bli uven med kommunen ved neste sving.

Ei rask oppteljing viser at i løpet av dei siste halvtanna til to åra, har 18-20 næringslivsaktørar i kommunen tatt kontakt. Dei har vore oppgitt over manglande svar, ingen respons og ei negativ haldning frå kommunens side. Når vi ber om å få lov til å referera til dei og ta dette opp politisk, så trekkjer dei fleste seg. Dei vil ikkje stå fram med kritikk og bli uven med kommunen. Dette er etter mitt syn eit problem.

Nokre døme:

• Ordføraren talar direkte mot betre vitande når ho seier at dette ikkje er løfta fram politisk i t.d. formannskapet. I møte 13.10.20 tok eg opp ei slik sak. I etterkant sende eg ytterlegare dokumentasjon til ordføraren, som då prisverdig tok fatt i saka.

• Problemstillinga med å lytta og samhandla med t.d. byggebransjen blei fleire gonger i førre kommunestyreperiode tatt i PBU, men få eller ingen møte kom i stand.

• Eit firma som faktisk har klaga til kommunen, er Ask & Skjeie Eigedom AS. I ei byggesak har dei sendt inn klager datert 20.06.2019 og 22.08.2019, og har i svarbrev frå kommunen 11.09.2019, fått melding om at klagen er oversendt til Klagenemnda for behandling. I dag, over eitt år etter, har dei framleis ikkje høyrt eit ord frå kommunen. Er dette god saksbehandling, god forvaltningsskikk, og ein måte kommunen ønskjer å opptre ovanfor næringslivet på?

• I samband med kommunale tiltak for å avhjelpa kommunalt næringsliv som følgje av koronapandemien, som var til behandling i formannskapet 17. april i år, fremja Frp ei rekkje forslag til utvida tiltak, til saman 11 konkrete punkt, retta mot lokalt næringsliv. Desse forslaga kunne ikkje ordføraren og hennar samarbeidspartnarar godta. Dei kunne strekkja seg til å støtta det om det blei eit oversendingsforslag som følgde saka vidare.

Eg synest det er synd at ordføraren, i staden for å ta tak i problemstillingane som blir reist, heller vel å vaska hendene sine politisk og ikkje ta ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Jobbar med ei førjulsgåve: Kommunen vil bruka av “pengebingen” sin for å støtta næringslivet

Ps: Det er litt artig å konstatera at to dagar etter at eg sette søkjelyset på dette, så blei det informert om både eit kommunalt fond som ei støtteordning til lokalt næringsliv og ekstraordinære statlege tilskotsmidlar på 1,9 millionar. Kan henda eg trefte nokon med mitt utspel?

Espen Aspenes

Kommunestyrerepresentant

Bjørnafjorden Frp