Erfaringstal: Når det gjeld Vegvesenet sitt kostnadsestimat for brua over Bjørnafjorden, er dei baserte på erfaringstal frå bransjen i Noreg gjennom dei siste 15 åra.

Svar til Kristian Strønen om E39 Stord-Os

Mykje av prosjektets høge nytte er knytt til den vesentleg reduserte reisetida.

I eit lesarbrev 28. mai stiller Kristian Strønen spørsmål om kostnad på brua over Bjørnafjorden, trafikkmengd, pendling, reisetid, og utgreiingar om samspel med andre strekningar.

Strønen spør om kostnadsanslaget for brua over Bjørnafjorden er reelt. Utgangspunktet for spørsmålet er ei bru i USA kalla Evergreen Point Floating Bridge. Det blir hevda at den amerikanske brua, som er ein mindre konstruksjon, var langt dyrare enn det Vegvesenet har estimert for bru over Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Er vi så mye dyktigere i Norge enn ingeniørene i USA?

Det korte svaret er at kostnaden på 45 milliardar kroner er ikkje berre for sjølve brua, men eit svært omfattande infrastrukturprogram i eit tettbygd område. Ifølgje Washington Department of Transportation kosta flytebrua om lag 8,5 milliardar kroner. Det kan elles nemnast at Evergreen Point Floating Bridge har totalt seks køyrefelt, breie skuldrer, samt gang- og sykkelveg. Brua er også bygd for at brudekket skal kunna utvidast frå 35 m til 45 m for å inkludera "light rail".

Når det gjeld Vegvesenet sitt kostnadsestimat for brua over Bjørnafjorden, er dei baserte på erfaringstal frå bransjen i Noreg gjennom dei siste 15 åra. Her inngår erfaringstal frå Hardangerbrua, men også einingsprisar frå prosjekt. Det vil alltid vera ein viss usikkerheit knytt til kostnader fordi mykje er avhengig av marknaden for råvarer og arbeidskraft på tidspunktet ein skal byggja. I den vidare planlegginga arbeider vi for å gjera kostnadsestimatet endå meir presist og sikkert.

Strønen stiller også spørsmål om trafikkmengd, bompengar og samfunnsnytte, og korleis dei påverkar kvarandre. Her blir det vist til ei reisetid på 45 minutt mellom Leirvik og Bergen Sør. Svaret her er at reisetida for utbetra og ferjefri E39 mellom Stord og Os er sett til 30 minutt. Mykje av prosjektets høge nytte er knytt til den vesentleg reduserte reisetida. Viss reisetida på strekninga skulle auka (noko ho ikkje har gjort) vil også nytten av prosjektet bli redusert. Lengre reiseveg og høge bomtakstar vil gjera det mindre attraktivt for dei som pendlar.

Det er mykje spekulasjonar om kva bompengetakstane blir for strekninga, særleg for passering på brua over Bjørnafjorden. Korleis bompengar vil påverke trafikkmengda, har vi ikkje ein fasit på, men det kan tenkast å bli noko lågare viss bompengenivået skulle bli uforholdsmessig høgt samanlikna med til dømes kostnaden for å nytta dei to ferjesambanda. Kva bompengetakstane blir og korleis dei skal fordelast på strekninga, veit vi ikkje enno. Det er også eit politisk spørsmål og ei avgjerd som blir teken av Stortinget. I samband med Nasjonal Transportplan-arbeidet skal Vegvesenet til hausten levera bompengeberekningar som vil kunna danna grunnlag for ein politisk diskusjon om bompengar.

Strønen spør også om det er gjort utgreiingar om eventuelle innsparingar ved eit samspel mellom E39 Stord-Os, ein indre trasé, Hordalandsdiagonalen og ei vidareføring nordover til Romarheimsdalen, og felles strekning med E16 til Vaksdal. Svaret her er nei. Det er ikkje eit oppdrag Vegvesenet har fått. Vi har sett på nytten og kostnaden til ei indre linje versus midtre linje med bru over Bjørnafjorden. Dei vurderingane viste at nytten blei høgare med midtre linje og kostnadene var omtrent like. Oppdraget Vegvesen har fått, og no er i oppstarten av, er å laga reguleringsplan for den vedtekne kommunedelplantraseen E39 Stord-Os.

Signe Eikenes

Statens vegvesen