Indre trasé: Arbeidet med utgreiing av indre trasé skal starta straks, samtidig som ein sikrar framdrift i arbeidet med reguleringsplanen for bru over Bjørnafjorden.

Svaret er trygge vegar og utvikling i heile Vestlandsregionen - til fellesskapet sitt beste

Slik kan vi ikkje ha det, no er det tid for endring og tydeleg prioritering.

Vestland Arbeiderparti var samla til årsmøte den 12.-13. mars. Auka tryggleik og betre standard på vegnettet i heile fylket var eit sentralt tema i det politiske ordskiftet.

Dei fleste innbyggjarane i fylket startar og avsluttar dagen med ei reise der transporten skjer på den lokale vegen i bygda eller tettstaden. Alt for mange må gjera denne reisa i frykt for ulykker grunna smale og rasfarlige vegar med låg standard.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reisa til arbeid, fotballtrening, skule eller barnehage vert opplevd utrygg og som ei påkjenning for born og vaksne. Nyleg kunne NRK melda om store etterslep på vedlikehald av bruene i Vestland med aukande fare for ulykker og stenging dersom dette ikkje vert ordna opp i.

I tillegg er me kjent med manglande opprusting av trafikkfarlege fylkesvegar og tunnelar. Mest kvar einaste dag kan vi lesa om ras som fører til stengde vegar. Slik kan vi ikkje ha det, no er det tid for endring og tydeleg prioritering.

Årsmøtet i Vestland Ap gjorde gode og tydelige prioriteringar og alle vedtak lagt fram av redaksjonskomiteen var samrøystes.

Dei mest sentrale vil vi framheva her:

• Arbeidarpartiet set liv og helse fyrst. Vegprosjekt der det er høg ulykkesfrekvens og stor rasfare, skal prioriterast. Vestland Ap vil at ein over statsbudsjett tredoblar løyvingar som går til ras og skredsikring på fylkesvegar.

• Overføringa av midlar til fylket må avspegla utfordringane i vår region med mange rasutsette veg- og banestrekningar. Dårleg infrastruktur medfører store utfordringar med omsyn til trafikktryggleik og beredskap.

• Det må vedtakast ein konkret og tidsavgrensa vegpakke til fylkesvegnettet som fjernar vedlikehaldsetterslepet, full rassikring av farlege strekningar og naudsynt opprusting til ein anstendig standard av fylkesvegnettet.

• Av omsyn til stor rasfare og mange ulykker er Vestland Arbeidarparti si hovudprioritering av store samferdselsprosjekt bygging av K5-prosjektet, ny E16 og Vossebana, mellom Bergen og Voss. Det må startast vidare planlegging av strekninga Stanghelle-Voss for å leggja til rette for samanhengande utbygging på strekninga Bergen-Voss.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Oppstart E39 Vågsbotn-Klauvaneset må prioriterast som første byggetrinn av Ringveg Øst og realiserast i første periode av Nasjonal transportplan 2022-33. Igangsetting seinest 2026

• Ferjefri E39 vil gje ein samanhengande, trafikksikker veg på Vestlandet og legga eit solid grunnlag for framtidig verdiskaping. Dette føreset at det vert prioritert å sikra ei fungerande trafikkavvikling rundt Bergen, og ikkje minst eit løft for vegstandard og rassikring mellom fjordkryssingane.

• Prosjektet frå Stavanger til Bergen må realiserast. Det må leggjast vekt på samfunnsnytta i prosjekta. E39 skal ha ei sørleg kryssing ved Langenuen. Arbeidet med utgreiing av indre trasé skal starta straks, samtidig som ein sikrar framdrift i arbeidet med reguleringsplanen for bru over Bjørnafjorden. Endelig vedtak for val av trasé vert teke når sammenliknbare kunnskapsgrunnlag for begge alternativ ligg føre.

• Vestland Arbeiderparti ser det som særs viktig at det blir sett av planleggingsmidlar til heile strekket E134 Bakka Solheim.

• Rv 15 over Strynefjellet er ein viktig fjellovergang i den nordlege delen av fylket, og har i dag ein særs viktig funksjon som aust/vest samband for næringslivet i regionen.

• Riksveg 13 og vegen frå Vik til Voss, med framtidig Vikafjellstunnel, er sentral for å sikra eit livskraftig lokalsamfunn i Vik og er ei viktig ferdselsåre mellom Sogn og Voss, Hardanger og Bergen og er ein viktig for omkøyringsveg for E16. Ein framtidig Vikafjellstunnel vil redusere reisetid mellom Sogn og Bergen og vera viktig for både næringsliv og andre reisande.

Innbyggjarane i Vestland fylke krev auka tryggleik og betre vegar. Nasjonale styresmakter må ta inn over seg alvoret og handla no. Eit samla Vestland Arbeiderparti har prioritert tryggleik for liv og helse som det viktigaste. Det er dette som er den overordna føringa for det arbeidet som Arbeiderpartiet sine fremste tillits- og folkevalde i Vestland skal arbeida for lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vi oppmodar alle våre partifellar til å respektera prioriteringane som årsmøtet har gjort og stå samla i arbeidet med å få gjennomført eit heilt naudsynt løft som skal sikra tryggare vegar for innbyggjarane våre i framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siri Sandvik, varaordførar Stadt

Ola Teigen, ordførar Kinn

Petter Sortland, ordførar Høyanger

Hilmar Høl, ordførar Årdal

Audun Mo, ordførar Lærdal

Roy Egil Stadheim, ordførar Vik

Kjell Eide, ordførar Hyllestad

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar Voss

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar Ulvik

Roald Aga Haug, ordførar Ullensvang

Torgeir Næss, ordførar Kvam

Torill Torsvik Størkersen, varaordførar Masfjorden

Per Lerøy, ordførar Austrheim

Øyvind Oddekalv, varaordførar Alver

Trine Lindborg, ordførar Bjørnafjorden