Dei svakaste: Det er uansett ikkje min intensjon å foreslå noko som går utover dei svakaste hos oss.

Taxi for alle

Om taxisentralen i Fusa trur at alle som bestiller taxi etter kl 18.00, skal ut og drikka vin, så får dei få lov til å tru det.

Eg viser til innlegg frå Fusa Taxisentral samt brev frå samferdselsministeren i Os & Fusaposten.

Les også
Vårt virke er meir verdifullt enn det

Om taxisentralen i Fusa trur at alle som bestiller taxi etter kl 18.00, skal ut og drikka vin, så får dei få lov til å tru det. Det er i alle fall synd at alle som treng ein drosje ein kveld eller i helga, på Fusa-sida, ikkje kan bestilla han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Angåande festen i samfunnshuset med Olav Stedje, er det nok slik at «alle» veit at det ikkje går taxi i helgane, derfor ringjer me ikkje etter taxi.

Det er uansett ikkje min intensjon å foreslå noko som går utover dei svakaste hos oss.

Les også
Meiner manglande taxitilbod er drepen for det sosiale livet i helgane
Les også
Skjønar frustrasjonen, men kan ikkje lova betring med det første

Som samferdselsministeren skriv, er det ein rett for oss alle å kunna bestilla drosje «over hele landet til alle døgnets tider». Då er det samstundes viktig at rammevilkåra er på plass. Dette seier ministeren dei ynskjer å rydda opp i.

Les også
Et bedre drosjetilbud for alle

Med nye Bjørnafjorden kommune er me stadig optimistar for betre samarbeid over fjorden. Kanskje kan Fusa og Os Taxi samarbeida om køyring i grisgrendte strok?

Der er å håpa på at det ikkje går meir enn «vinter og vår» før taxi blir for alle.

Karl Jakob Helland

Frivillig og optimist