Konkret forslag: Peter-Hans de Zwarte har også konkret forslag til korleis auka folketalet i Nordtveitgrend og Søre Luten.

Tilflyttinga har ikkje stagnert fordi folk ikkje vil bu i bygdene våre

Folk må få eit reelt val om kvar dei vil bu.

I artikkelen «Hus- og tomtemangel: — Krinsen står i fare for å verta fråflytta og forgubba» kjem det tydeleg fram at kommunen må tilretteleggja for flust med tomteområde i Fusa-delen av kommunen.

Problemet er at ein då får høyra frå administrasjonen at det er x ledige tomtar her, og y ledige tomtar der. I realiteten er dette tomter som enten vert haldne av til framtidige generasjonar, ligg i ein krapp sving utan utsikt eller har noko anna som gjer dei mindre attraktive. Dette er litt generaliserande, men gjeld så godt som alle bygdene på Fusa-sida (og kanskje nokre på Os-sida òg).

Artikkelen held fram under annonsen.

I artikkelen vert nemnt tomter på Baldersheim som vart annonsert som byggeklare. I realiteten var ikkje infrastrukturen ferdig utbygd når desse vart lagt ut. Dette skremde folk frå å kjøpa, og det heng framleis igjen mange år etter.

Åsen i Holmefjord er eit anna døme som har stagnert utviklinga på Holmefjord. Hadde rett utbyggjar vore der, hadde desse tomtene vore selde og bygde på for mange år sidan. No har dei lege i systemet som ledige tomter, og blokkert andre område frå å få rett farge på kartet, medan utbyggjar tok det som eit hobbyprosjekt å putla med på fritida.

Og er desse tomtene no selde? Eg klarar ikkje å finna dei på nett.

I Fusa-delen finn ein på nett éi enkel tomt i Opsalmarka og éi på Holsund, samt eit større regulert område i Eikelandsosen. Bustader er ikkje mykje betre. Her er talet sju i heile Fusa. Mange av desse, som påpeika i artikkelen, av eldre årgang.

Å ha hatt eit minimum av 4-5 tomter ledige og tilgjengelege til ei kvar tid i kvar bygd måtte då vore eit overkomeleg mål? Så kan desse seljast og byggjast på i kva tempo private eller næringsdrivande ynskjer.

Eg gjentek: Ein MÅ få lagt til rette store mengder tomteområde i alle Fusa-bygdene, slik at folk får eit reelt val om kvar dei vil bu!

Tilflyttinga har ikkje stagnert fordi folk ikkje vil bu i bygdene våre. Nei, ho har stagnert fordi det ikkje er ledige, attraktive tomter.

Og for Søre Luten trur eg òg det ville gjort underverk for folketalet å få tilbake hurtigbåten mellom Nordtveitgrend og Os. Hurtigbåten går allereie forbi Nordtveitgrend, så ei "Ring båten"-løysing bør vera fint overkomeleg å få til her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Peter-Hans de Zwarte