Laila Reiertsen, Jan Kristian Rokne og Torstein Skårnes er nøkterne optimistar før valresultata kjem ut. Tore Kleppe i midten, trur på 33 prosent og 13 mandat i det nye kommunestyret.
Laila Reiertsen, Jan Kristian Rokne og Torstein Skårnes er nøkterne optimistar før valresultata kjem ut. Tore Kleppe i midten, trur på 33 prosent og 13 mandat i det nye kommunestyret. Foto: Kenneth Svenningsen

Tore Kleppe: – Håper det blir breiare og breiare smil utover kvelden

Frp-gjengen som var på plass på Liens i 19.30-tida var smilande, nøkterne optimistar.

– Høyr med han. Det er han som er den største optimisten blant oss, seier Laila Reiertsen i det lokalavisa spør om korleis det står til med magekjensla.

Ho peikar på Tore Kleppe.

– Eg starta valkampen med å tru på 33 prosent oppslutnad og dermed 12 mandat i det nye kommunestyret. No har eg justert opp forventningane til 35 prosent og 13 mandat, seier Tore Kleppe.

Betre enn målingane

Til liks med partikollegaene som sit ved sida av, trur han at det går betre enn dei siste målingane.

– Den eine var jo under 30 prosent. Så dårleg går det ikkje. Eller for å seia det slik. Får me over 31 prosent, så skal eg vera bra nøgd, seier Reiertsen.

Dei både trur og håper at det blir breiare og breiare smil på Liens utover kvelden.

– Førehandsstemmene kjem jo til å utgjera kring ein tredel av totalen, men det blir veldig spennande å sjå utover kvelden kor vinden dreier. Tradisjonen tru er jo at mange vender tilbake til dei dei har stemt på tidlegare når det nærmar seg val for alvor, seier Torstein Skårnes og Tore Kleppe.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no