Viktig å markera dagen: Leiar i Bjørnafjorden AUF, Vegar Klyve, meiner det er viktig at vi markerer 22. juli.

Tre grunnar til at vi skal markera 22. juli

Dette meiner leiar i Bjørnafjorden AUF, Vegar Klyve.

1. For det første lærer vi alt for lite om 22. juli på skulen. Første gong eg lærte om desse terrorhendingane var i 10. klasse.

2. Terror har skjedd igjen, og det kan framleis skje igjen. Det finst framleis menneske i Noreg som har vonde tankar om andre menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Vi må kunna denne historia for å kunna ta lærdom frå han. Berre ved å forstå kvifor dette angrepet skjedde, kan vi forhindra at det skjer igjen.

Bjørnafjorden AUF

Vegar Klyve