Indre trasé: Alle piler peikar mot indre trasé.

Utgangspunktet er at det ikkje kjem bru over Bjørnafjorden

Naturinngrepa med ein firefelts veg over Reksteren og gjennom sårbar natur i Øyane er ikkje i samsvar med miljømåla i dagens samfunn, jf fleire rapportar i media den siste tida.

I 2012 var det fleirtal i Hordaland fylkesting for indre trasé for ferjefri E39, og framlegget om bru over Bjørnafjorden vart av Øyvind Halleraker karakterisert som «ingeniørenes lekegrind». Han fekk dessverre alt for rett.

Det var før industrilobbyen i Sunnhordland sette Høgre og Erna Solberg under press. Men det har vist seg å vera ein kostbar idé til 49 milliardar å byggja bru over fjorden der han er breiast, istadenfor der han er smalast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å planleggja ein veg med fire felt når dagens ÅDT er 3.500 bilar, er ikkje mogleg å rekna heim.

Til samanlikning har den vesle brua i Os sentrum over Oselva, 8.600 ÅDT, og ein treng ei løysing på å slusa desse bilane utanom Os sentrum.

Rett nok har Statens vegvesen berekna at talet bilar skal tredoblast når ferjefri E39 står ferdig. Men pandemien har vist at vi kan handtera møte digitalt og heimekontor blir nytta i mykje større utstrekning enn tidlegare. Dette vil gje mindre trafikk i framtida. Ikkje meir. Dette medfører at behovet for firefelts veg ikkje er til stades.

Ei anna sak er at brua mellom Stord og Tysnes har ei seglingshøgde på 70 meter, medan seglingshøgda under Bjørnafjordbrua berre vil vera 50 meter. Stord har alternativ innsegling via Bømlafjorden. Det har ikkje Bjørnafjorden.

Å akseptera ei seglingshøgde på 50 meter inn til eit næringsliv og ei befolkning på 30.000 innbyggjarar, er heilt uaktuelt.

Vi er i full gang med tilrettelegging av Samnøy industriområde på 243 dekar. Der er det store sjøområde som kan nyttast til kai-anlegg for både oljeindustri og cruisetrafikk.

Fjordane våre kan ikkje for all framtid stengjast for vekst og utvikling.

Indre trasé knyttar Vestland fylke saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bygging av bru med sørleg kryssing av Langenuen med ny tofelts veg til Eikelandsosen, er både utviklande for bu- og arbeidsmarknaden og kostnadseffektivt for fellesskapet, og det samsvarer med ÅDT-tala vi kan forventa på strekninga.

Vegen må gå landfast over Tysnes, gjennom Fusa og over Samnangerfjorden med arm til Os og Bergen.

Planlegging av vegen over Tysnes og gjennom gamle Fusa må starta snarast.

Indre trasé vil i samankopling med Hordalandsdiagonalen, redusera trafikk gjennom Bergen sentrum, samt korta ned reisetida til Austlandet.

Alle piler peikar mot indre trasé.

Stem Senterpartiet både lokalt og på fylkesnivå - det blir viktig for E39 indre trasé.

Helge Andersen

Listekandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Senterparti