Frå venstre : Sigrid Brattabø Handegard, gruppeleiar for Vestland Sp, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen, Bolaks, Hege Aase Tysnes, kommunestyrerepresentant for Bjørnafjorden Sp, Margunn Samnøy, Bjørnafjorden Sp, Dina Lervåg, leiar Bjørnafjorden Sp, Jon Askeland, fylkesordførar, Helge Andersen, Bjørnafjorden Sp, Jørgen Frønsdal, Midthordland Skogeigarlag og Hans Arvid Austestad, Austestad transport.

Verdiskaping, utdanning og framtidsfokus

Bjørnafjorden Sp har jobba hardt for å synleggjera kor viktig denne lina er.

Tysdag 3. september hadde vi i Bjørnafjorden Sp besøk av fylkesordførar Jon Askeland og gruppeleiar for Vestland Senterparti, Sigrid Brattabø Handegard

Vi ynskte å visa fram noko av det positive som skjer på Samnøy, i Eikelandsosen og på Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utdanning og arbeidskraft for framtida

Vi starta dagen på Framo Fusa. Der møtte vi også rektor og ein faglærar frå Fusa vgs. På Framo fekk vi omvising, og vi fekk prata med lærlingar for å høyra kva dei meiner om utdanningstilbodet.

Framo Fusa og skulen samarbeider svært godt og har i sitt samarbeid fokus på kva kompetanse som trengst i framtida.

Bakgrunnen for besøket var høyringsuttalen om ny heilskapleg plan for det vidaregåande skuletilbodet i Vestland fylke, som fylkeskommunen la fram i vår. Der foreslo ein å leggja ned lina TAF/YSK på Fusa vidaregåande skule.

Bjørnafjorden Sp har jobba hardt for å synleggjera kor viktig denne lina er for å rekruttera lokale fagfolk og kompetanse til næringslivet i Bjørnafjorden.

Innspela som kom i høyringsrunden har gjort til at fylkesadministrasjonen har endra si innstilling. No er forslaget å oppretthalda TAF/YSK ved Fusa vgs.

Svært viktig for ungdomen og næringa i kommunen vår og regionen!

Tur til Samnøy tømmerkai og næringsområde

Vi hadde invitert med oss Jørgen Frønsdal frå Midthordland Skogeigarlag. Han fortalde om planlegging og arbeidet fram til i dag med tømmerkaia. Han fortalde også om skognæringa og verdiskapinga derifrå.

Forynging av skog var også tema. I skogane i Bjørnafjorden og rundt står det store resursar med svært langsiktig perspektiv. 60 til 80 år tek det å få skog hogstmogen. Ei næring for framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framme frå venstre: Knut Hjertnes, adjunkt Fusa vgs, Inger Elin Epland, rektor Fusa vgs, Hege Aase Tysnes, Bjørnafjorden Sp, Sigrid Brattabø Handegard, gruppeleiar Vestland Sp, Jon Askeland, fylkesordførar, Dina Lervåg, leiar Bjørnafjorden Sp, Margrethe Holmboe Askeland og nestleiar Bjørnafjorden Sp. Bak fra v: Vidar Dale, Arve Skåtun og Håvard Rossvoll frå Framo Fusa.

Hans Arvid Austestad frå Austestad Transport AS fortalde om deira bedrift og transporten av tømmer på vestlandsvegane. Fylkesordføraren fekk høyra om utfordringane og fekk gode innspel på kva som kan gjerast for å utbetra dei.

Vi diskuterte også trafikksikkerheit og flaskehalsar. Gang og sykkelveg var også sjølvsagt tema.

Bjørg Mette Holmefjord Antonsen presenterte bedrifta, og deira planar for framtida i dette området og elles.

Bolaks har innovative og spanande framtidsplanar. Dei har stort fokus på god fiskehelse.

Fylkespolitikarane blei minna på at også for Bolaks er lærlingane frå TAF/YSK viktige. Saman med Eide Fjordbruk og Fusa vgs. har Bolaks fått utdanningskonsesjon.

Samnøy med tømmerkaia og næringsområdet, er viktig for utviklinga av lokalsamfunna rundt, og heile Bjørnafjorden og regionen - eit område for verdiskaping og framtidsfokus.

Vi var innom ulike tema i løpet av dagen: Næringsutvikling og bedrifter, Fusa vgs., samferdsel, ja til indre trase og meir til som er viktig for oss i Bjørnafjorden Sp å få løfta opp og fram til våre leiande fylkespolitikarar.

Ein bra dag med fylkesordførar og gruppeleiar. Stor takk for at de kom og engasjerer dykk i det som skjer lokalt hos oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Takk og til lag, bedriftene og skule som var med.

Bjørnafjorden Senterparti