Gunstig: Klart det ville vore gunstig for Bolaks å kunna få auka produksjonen i nærområdet.

Vi er ikkje blinde, Bolaks

Denne gangen er det søknad om utvida areal kring anlegget i Aldalen det gjeld.

Dei grunngjev søknaden med at noverande anlegg må flyttast p.g.a straumkablar som skal leggjast i fjorden. Men, kvifor må dei utvida arealet med det firdoble? Jau, det er openlyst at dei har planar om utvida produksjon i framtida, all den tid dei ikkje vil garantera for at det ikkje vil skje.

Les også
89 grunneigarar har signert høyringsuttale: – Sterkt i mot utviding av oppdrettsanlegg

Det arbeidet som konsulentane gjer for søkjar er ikkje alltid fullkome. Dei arbeider for oppdragsgivar. Fakta kjem ikkje alltid på bordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les gjerne mine innlegg i Os & Fusaposten 25/6-2019 og 22/6-2018, for dei som har tilgang på arkiv-nettavis.

Når det gjeld Bolaks sin inntreden på Samnøy industriområde, vert det framstilt som om produksjonen skal på land, men produksjon av postsmolt er vel ein måte å framskunda veksten på fisken, fisk som skal veksa opp i merder i fjorden? Klart det ville vore gunstig for Bolaks å kunna få auka produksjonen i nærområdet.

Det var også eit sjakktrekk frå Bolaks si sida ved å etablera seg på Samnøy industriområde.

Vi er ikkje blinde, Bolaks! Etter mitt, og mange andres syn, skulle all oppdrett i Samnangerfjorden blitt fjerna.

Ingvar Hope