Kome langt: Behovet for nybygg til anleggsteknikk er stort, og prosjektet er allereie kome langt i planlegginga.

Vi er uroa for utbygginga av Os vgs

Dette er ikkje godt nok.

Saka om framtidig tilbodsstruktur ved dei vidaregåande skulane fekk stor merksemd tidlegare i år. No skal saka slutthandsamast i fylkestinget 1. og 2.oktober, og i Bjørnafjorden Frp er vi uroa over det som ligg i bordet som innstilling.

Spesielt gjeld dette investeringsmidlar knytt til utbygging av Os vidaregåande skule og samanslåing med Os Gymnas. Det har vore brei semje i det politiske miljøet om at ei slik samanslåing er fornuftig, og rektorane ved dei to skulane har vore positive til dette grepet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Rektorane er positive til skulesamanslåing - på eitt vilkår

Utfordringa ligg no i at fleirtalet i fylkestinget, Ap/Sp/KrF/V/SV/MDG, har utsett planlagde investeringar på 450 millionar kroner til rehabilitering av C-bygget og nybygg for anleggsteknikk ved Os vgs.

I den opphavlege innstillinga frå fylkesdirektøren låg dette prosjektet inne med 1. prioritet, og oppstart allereie i 2026.

Fleirtalet i fylkestinget har no tatt ut desse 450 millionar kronene, og sagt at utbygginga først skal vurderast ved rullering av planen om fire år. Det er ikkje godt nok.

Behovet for nybygg til anleggsteknikk er stort, og prosjektet er allereie kome langt i planlegginga.

Bjørnafjorden Frp har forståing for at rehabiliteringa av C-bygget truleg bør ta opp i seg ei mogleg samlokalisering av dei to skulane, men ein treng ikkje vente i fire år før det vert følgd opp.

Nybygget til anleggsteknikk kan uansett realiserast i tråd med tidlegare planar med oppstart allereie i 2026.

All erfaring, mellom anna frå dei vidaregåande skulane på Stord, tilseier at skal ei samanslåing lukkast, krevst det også ei samlokalisering av skulane.

Bjørnafjorden Frp vil difor be om at ein ikkje utset vidare utbygging ved Os vidaregåande skule til etter neste rullering av planen. Så lenge kan vi ikkje vente.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi vonar dette vert sett fokus på under fylkestinget i Førde 1. og 2.oktober.

Eirik André Hesthamar

Bjørnafjorden Frp